tirsdag 27. september 2011

27.09.2011 Tur til Simosete på Hafslo

Tysdag 27.09.2011

Tur til stølen Simosete på Hafslo.


Vi køyrde mot Sogndal, tok inn på grusveg nett før tunnellen, og for innover på vestsida av Hafslovatnet. Vegen til Simosete er ca 7 km. så vi køyrde ca 3,4 km, parkerte og gjekk videre. Lettskya ver, litt sol og ei kort regnbyge på turen. Her er utsikten frå parkeringsplassen mot Hafslo, med frå v. Molden, Mollamdsmarki, og mot Urnes i bakgrunn.
Utsikten i retning mot Veitastrand.



Det har regna ein del i det siste, så vatn er her i alle grøve.



Nokre av gjengen på tur innover. Vi var 17 stk i dag så det var i grunnen reine folkevandringa.



Her skimtar vi Simosete til venstre. Solskin innover på Veitastrand.



Kjempestein med plass til ein del sauer inni holet.



Meir vatn. Det er bru over denne elva.



Simosete i sikte. Fjella bakom er på austsida av Veitastrandsvegen/vatnet, og borti der er stølen Fossen som vi jo har besøkt før.


Fantastisk utsikt over Hafslovatnet mot Mollandsmarki, Hestnes og Urnes.



Denne utsikta var så fin at den kjem i fleire variantar.


Fin sopp som lyser opp i vegbana. Dei minste er vel 2-3 mm i diameter og dei største 1,5-2 cm.


Elva frå Veitastrand mot Straumane og Hafslovatnet.

Vi kan nett skimte Lusterfjorden lengre ute.



Simosete.


Vi har innteke stølsvollen. På toppen er det postkasse med bok, så no har vi skrive oss inn der og.


Utsikt frå toppen.



Frå toppen, retning Veitastrand.



Akkurat her kom regnet. Matpause vart det likevel, og då den var over var det slutt på regnet.



Ein liten nydeleg sopp. Den var ca 2-3 cm i diameter og rund som ei kule.



På heimveg.


Siste glimt av Simosete.



Og så eit siste glimt av ein kjempefin utsikt.



Som vi her ser så er det ei blanding av sol og regnbyger.



Skogslandskap i haustdrakt.

Og dette vert det siste frå denne turen. Vi hadde ein veldig fin tur på grusveg. Dette er bomveg så ein lyt gå frå tunnellen dersom ein ikkje har løyve frå grunneigarar til å køyra.











søndag 25. september 2011

20.09.2011. Tur til Jostedal Kraftstasjon

Tysdag 20 sept.

Tur for dagen var planlagt til Heggdalstølen. Vermeldinga og veret var helst litt dårleg.

Vi fekk tilbod om omvisning og trim i Jostedal Kraftstasjon. Nokre av turgjengen hadde vore der før og desse tok ein tur i Engjadalen. Resten av gjengen fekk ein fin trimtur i kraftstasjonen, med omvisning og informasjon omkring bygging av kraftstasjon og produksjon av straum. I ein kraftstasjon er det sjølvsagt diverse utstyr og innreiingar som ikkje bør fotograferast og publiserast, men vi har klarert bileta som er lagt ut.


Etter ein køyretur innover i tunnel kom vi inn i denne store salen. Veggene langs sidene er fjell. I denne salen tok vi matpause og såg film frå utbygginga av Jostedalsannlegget.
Turbinhjul og anna utstyr.



Tøff gjeng med forskriftsmessig verneutstyr. Klar til trimtur og omvisning.

Her er 11 etasjer bygd inne i eit holrom i fjellet, her er heis men vi skal trimme.



På tur nedover, her i etasje -2.


Vi for opp og ned mange slike aluminiumstrapper. Her i etg. -4 trur eg. Dvs at vi er mest på nivå med Gaupne.



Denne står i den store salen. Inni er det ein sylinder eller eit røyr som sviv rundt i skikkeleg fart når kraftstasjonen er i gong. Men hugsar ikkje kvifor. Det vert nokre tekniske fakta som er vanskeleg å referere etterpå. Men denne "dingsen" minner jo om ein farkost som Brødrene Dal nytta.



Videre på vandringa oppover kom vi inn i ein smal passasje.



Og opp desse trappene, og vi var komne til toppen, trur eg. Litt ekkelt å gå over aluminiumsgolvet, for her var fri utsikt rett ned i avgrunnen.



Og vel oppe kom vi til ein dam. Ikkje noko badeplass akkurat, vatnet her er ca 4 grader og skal nyttast til kjølevatn.



Attende til den store salen i etg.0. Sidan veggene her er berre fjell så må vi jo ha med nokre inntrykk herfrå. Veit ikkje kva steinartar som er her, men såg ut til å vera fleire slag.


Her er tydelege spor etter borerøyr i veggene.



Og endå ein variant.


Her var og utstilling av stein.



Fjellet er jo sikkert fleire millionar år gamalt. Og av alle merkelege fenomen, her er "Norgeskart" i fjellet, og det med både Hjemtland, Herjedal og sikkert litt til. Nordland er vel mindre no. Me må vel tilrå at Statkraft tek ein ombygging på rekkverket og framhevar dette fenomenet.

Ellers hadde vi ein fin og lærerik tur.




lørdag 24. september 2011

Tysdag den 20.09.2011 Tur til Navarsete

Sidan det var delt tur denne tysdagen tok me som gjekk i Engjadalen føre oss alle svingane oppover, eg har fått kopiert frå Bjødnaposten 1992 korleis svingane fekk navn, og bakgrunnen for det.

Kvifor svingane fekk namn
Stadnamn blir gjerne til ved hjelp av spesielle kjenneteikn
som naturen har på staden, men kan og vera knytte til personar og hendingar.
Svingane oppover til Engjadalen var ein så viktig del av veganlegget
at arbeidarane sette namn pådei etter kvart som vegen vart ferdig.
Dei fleste namna er knytte til personar og situasjonar.
I alt 8 skarpe svingar fekk namn, og er til god nytte i daglegtalen.

Arbeidet på Engjadalsvegen byrja i 1950, men
først i 1967/68 kan ein seia at vegen var ferdigbygd
opp til Engjadalskrysset sjølv om det låg
føre ferdigattest for dei 3 første parsellane i 1965.
Anleggsarbeidet var delt opp i 4 parsellar. Det var
Statens Vegvesen som bygde vegen eller hadde
ansvaret for at arbeidet vart fagmessig utfort.
Vegen var opphaveleg tenkt som jordbruksveg
eller «dyrkingsveg». Veganlegget vart og kalla for
vegfondsanlegg og gjekk deretter over t i l å bli
gards- og grendeveg og er i dag ein vanleg kommuneveg.
(Kjelde til dette avsnittet: Statens Vegvesen,
Hermansverk).


Småbrukar Per Stegegjerde i Gaupne,
er ein av fleire som arbeidde på Engjadalsvegen. Han fortel til Bjødnaposten i 1992 at det var
akkordsystemet som galdt ved utrekninga av timeløna. Her gjer han greie for korleis og kvifor svingane fekk namn:






Judassvingen
- Dette er første svingen pa Engjadalsvegen. Her
skulle det byggjast ein stor mur. Basen, dvs. formannen
i arbeidslaget, fekk oppdraget av oppsynsmann
Hermund Marheim. Men da ville basen
sjølv velja ut dei karane som skulle vera med han.
Alle som hadde vore med i laget hans tidlegare,
fekk ikkje vera med no, og det var desse som sette
namnet pa svingen.




- Arbeidet på denne svingen stogga opp rett som
det var. Det vart arbeidt bolkevis, truleg var det
pengemangel. Terrenget var ikkje spesielt vanskeleg.
Det vart i grunnen ein god sving til slutt.
Men det tok altså «ein evighet» for han vart ferdig.



Storpreikaren
- Dette er svingen med den høgste muren. Men
så var dei høgrøysta dei som arbeidde på han og!
Han Anton Røneid hadde gode talegaver og det
hadde t.d. Konrad Øvrebø og han Johan Sandvik
og, for a nemna nokon. Praten og diskusjonen
kunne høyrast heilt ned i Gaupne. Det vart ein
stor sving i dobbel forstand. Då eg og han Knut
Ekrene byrja med murfoten, sa syningen t i l oss at
muren skulle koma-jamnhøgt med toppen på ei
bra bjørk som stod attmed oss. Det hadde me
vanskeleg for å t r u . Men slik vart det.


Peisen
- Svingen har namn etter terrenget. Me måtte
skyta oss inn i fjellet og denne innholinga vart
som ei gryte. Svingen vart og ei t i d kalla Korketrekkaren,
men dei fleste sa Peisen. Og slik vart
det. Kristian Prestetun var bas.



Dubbelmyren
- Her og vart det høg mur, og det vart gjort mykje
og fint arbeid. Men namnet kjem seg av at to av
dei som arbeidde mest her, hadde i daglegtale
«myr» i namnet sitt, nemleg Kristian Sandvik
(Myra-Kristian) og Øystein Leirdal (Øystein i
Myri).



Jensaper'n
- Det var eg og han Jens Hillestad fra Hafslo -
ogsa kalla Stumma-Jens, som arbeidde mykje i lag
her, og svingen er oppattkalla etter oss. Jens var
ein kraftig kar og han hadde si eiga meining om
kvar borhola skulle gå. Her var me ikkje alltid
samde, men me arbeidde godt saman for det.
Henrik Nybo var bas.

Klokkaren
- Han Anton Røneid var bas, og han vart kalla for
Klokkar-Anton, fordi han v a r s on t i l gamleklokkaren.
Difor fekk denne svingen namnet Klokkaren.
I førstninga var det nok eit anna namn og, men eg
hugsar ikkje kva det var.
Apostelen
- Dette er siste svingen for Engjadalskrysset, og
me var kanskje meir opptekne av at me no nerma
oss endepunktet for vegen enn å laga namn, men
eg tykkjest a hugsa at han vart kalla for Apostelen
eller Apostelsvingen. Bakgrunnen for dette namnet
er truleg at svingen er i nærleiken av Kappestad,
der det ein gong skal ha statt eit kapell.
Det skal ha vore navn på ei av strekkene og, ei av damene hugsa dette men ikkje eg i skrivande stund, så det får me komma tilbake til.
I alle fall så vart stavane justerte og me sette i gang oppover mot Navarsete








Der møtte me både kyr og sauer, dei lurte vist på kva me skulle.





Fine små fossar passerte me,

Og rolige små grøve!

Blå himmel såg me og, og då tenkte me på dei som gjekk inne i fjellet !

Så var me kommne på Navarsete, nøkkel til Hytta hadde me med oss , slik att me kunne eta nista inne om det regna for gale, men det vart berre omvisning inne, sola skein og me sat på troppi og koste oss med kaffi og nista.

her kunne me ha laga oss mat om me hadde vilja, godt utstyrt kjøkken .

Koselig sofagruppe.

Og rikelig med køyplassar.

Så var turen over for denne gongen og kyrene møtte opp og tok farvel med oss.
Og som vanleg var alle enige om att me hadde hatt ein fin tur.