søndag 25. september 2011

20.09.2011. Tur til Jostedal Kraftstasjon

Tysdag 20 sept.

Tur for dagen var planlagt til Heggdalstølen. Vermeldinga og veret var helst litt dårleg.

Vi fekk tilbod om omvisning og trim i Jostedal Kraftstasjon. Nokre av turgjengen hadde vore der før og desse tok ein tur i Engjadalen. Resten av gjengen fekk ein fin trimtur i kraftstasjonen, med omvisning og informasjon omkring bygging av kraftstasjon og produksjon av straum. I ein kraftstasjon er det sjølvsagt diverse utstyr og innreiingar som ikkje bør fotograferast og publiserast, men vi har klarert bileta som er lagt ut.


Etter ein køyretur innover i tunnel kom vi inn i denne store salen. Veggene langs sidene er fjell. I denne salen tok vi matpause og såg film frå utbygginga av Jostedalsannlegget.
Turbinhjul og anna utstyr.



Tøff gjeng med forskriftsmessig verneutstyr. Klar til trimtur og omvisning.

Her er 11 etasjer bygd inne i eit holrom i fjellet, her er heis men vi skal trimme.



På tur nedover, her i etasje -2.


Vi for opp og ned mange slike aluminiumstrapper. Her i etg. -4 trur eg. Dvs at vi er mest på nivå med Gaupne.



Denne står i den store salen. Inni er det ein sylinder eller eit røyr som sviv rundt i skikkeleg fart når kraftstasjonen er i gong. Men hugsar ikkje kvifor. Det vert nokre tekniske fakta som er vanskeleg å referere etterpå. Men denne "dingsen" minner jo om ein farkost som Brødrene Dal nytta.



Videre på vandringa oppover kom vi inn i ein smal passasje.



Og opp desse trappene, og vi var komne til toppen, trur eg. Litt ekkelt å gå over aluminiumsgolvet, for her var fri utsikt rett ned i avgrunnen.



Og vel oppe kom vi til ein dam. Ikkje noko badeplass akkurat, vatnet her er ca 4 grader og skal nyttast til kjølevatn.



Attende til den store salen i etg.0. Sidan veggene her er berre fjell så må vi jo ha med nokre inntrykk herfrå. Veit ikkje kva steinartar som er her, men såg ut til å vera fleire slag.


Her er tydelege spor etter borerøyr i veggene.



Og endå ein variant.


Her var og utstilling av stein.



Fjellet er jo sikkert fleire millionar år gamalt. Og av alle merkelege fenomen, her er "Norgeskart" i fjellet, og det med både Hjemtland, Herjedal og sikkert litt til. Nordland er vel mindre no. Me må vel tilrå at Statkraft tek ein ombygging på rekkverket og framhevar dette fenomenet.

Ellers hadde vi ein fin og lærerik tur.




Ingen kommentarer: