mandag 25. mai 2009

Gamlevegen ned til Solvorn


Vi starta frå riksvegen i krysset ned til Solvorn, og gjekk ned gamlevegen. Kom inn å ein grusveg,mot nyevegen, til krappe svingen og gjekk videre på ein skogsveg utover.
Bilete over syner utsikt mot Øvrebø.

På skogsvegen.Innover fjorden.
Bru over ein bekk eller lita elv.

Av klesdeakta ser vi at dagen starta med regnbyger.

Solvorn er nedi der ein stad.
Og her vart det god oversikt over sentrum i Solvorn.
Vi fann ein fin opning i skogen der vi åt nista vår.

Og her vart det blå himmel og sola kom fram.

På skogsvegen.
Fin utsikt med trolsk stemning
Og langt der borte er Odnes.
Torunn stillier opp for å fotografere.

Smakar godt med mat og kaffi.
Innover Lusterfjorden.
Og så vart det utsikt til Øvrebø på heimturen og. Ikkje godt å hugsa kva ein tok

bilete av for ein time sidan, så difor to gonger. Men fint er det jo.

tirsdag 19. mai 2009

Eikjastrondi

Turen denne dagen gjekk til Eikjastrondi. Frå vegen utom Svåi ser vi Nes og så er det vel Bolstadnåsi langt der inne i fjorden. På denne turen var Edith og Jon Halveg med og fortalde om vegen og livet her, frå den tida Edith vaks opp på Svåi.
Vegen til Eikjastrondi har ikkje alltid vore der. Før den kom var det gongeveg, og nokre stader er denne endå brukande som turveg. Ein gong var dette skuleveg for ungar og ferdselveg for alle som ferdast frå og til ytre Eikjo. Pila syner at her startar gongevegen.
Her er oppstigninga ganske bratt. Nede til venstre ser ein bilvegen. Korleis var det å ferdast her i snøver og holkeføre?
Tungt å komma opp.
Pust i bakken.
Vegen går innunder fjellsider. Var her mykje isjuklar om vinteren?
Ein liten pustepause og tid til å studere Kroken på hi sida av fjorden.
Mot Kroken
Og innover fjorden
Ingeborg Lingjerde er godt kjend i Kroken og omegn og peikar ut og fortel.
Og så var det ein stad med rennande vatn. Er ikkje dette idyll?
Mange bratte økter krev ein pustepause.
Og her er me komne til Svåi. Her budde Edith då ho var lita.
Huset på Svåi.
Vi gjekk videre, i retning mot Gaupne, og nok ein idyllisk bekk dukka opp. I område her er det mange gardar i Gaupne som har teigar.
Same bekken nedom "brua".
Her er tufter etter ein husmannsplass.
Nedlagt gardsbruk. stovehuset er borte. Her budde ein gong fam. Bukve.
Og merkeleg nok var det endå ein bekk med ein fin høl.
Denne dagen var svert lærerik. Verkeleg ei oppleving.

tirsdag 12. mai 2009

Fruli til Oppheimsaug


Endelig skal det bli oppdatering av turen den 12 mai.
Ein flokk på 13 stk møtte opp for å gå på tur,
me starta med friskt mot i Fruli, været var nydelig,
kvitveisen blomstra så det var kvitt over alt


Me gjekk forbi bruktlåven i Øyna


Noko av det me gjekk forbi var no velbrukt!

Så var me på Oppheimshaug, der var det orden og fint pynta over alt.
til og med bilder i garasjen var det der.
Og velkommen skiltet ønskte oss velkommen


Eit fint fossefall var det der, med mange fine voktara.


Hipp hipp hurra...............er det det han seier skal tru?
Han ser i alle fall ut til å gle seg over den flotte naturen,
Akkurat som me gjer.



Kaffi og mat må sjølvsagt til..........uten mat og drikke osv............
Og så var det å bestemma nest tur, og det kom mange nye forslag til turar,
så sjølv om me har gått menge plassar i løpet av desse to åra er det rikelig med turforslag.
det var mykje fint å sjå på........reine museumet........



Så var det å ta same vegen tilbake, alle var så spreke att dei ville gå tilbake til Fruli.
Denne tysdagen er planen å gå frå Fruli eit lite stykke oppover mot Mollandsmarka, så tek me av og går mot Øyni og vidare er målet å gå til Oppheimshaug, viss me set att ein bil i Liarmen kan dei som vil, gå tilbake dit, medan dei som vil det kan gå til Fruli att, med andre ord kan ein få ein kortare og ein lenger tur på den måten. det skal vera god grusveg å gå på heile vegen så dette skulle vera ein tur som passar for alle
VEL MØTT.