onsdag 14. september 2011

13.09.2011 Tur til vårstølen i Åsen, Dalsdalen

Tysdagstur til Dalsdalen i Luster.


Målet for dagens tur er vårstølen til Åsen, evt videre til fjellstølen.


Garden Åsen ligg oppe til venstre når ein fer framover Dalsdalen.





17 ivrige turfolk samlast i tunet i Åsen.


Og her på vandring oppover.


Dette er vel vanlege høgspentmaster, ikkje monstermaster,

men sett nedanfrå ruvar dei desse og.




Dette er eit slags måleinstrument, meir forklaring kjem kanskje seinare. Vi har sett slike andre stader i kommunen og.




Fin utsikt ned til tunet i Åsen, ned i Dalsdalen og fjellet på andre sida av dalen.


Fint solskin på starten av turen.



Utsikt framover mot Kolstad.




Ned i dalen der ein tydeleg ser korleis markene er oppdelt i teigar. Desse høyrer til ulike bruk i dalen og nede i Luster.




Utsikt heimover dalen. Bakom skyene skimtar vi fjella på Sørheim.




På vegen oppover gjekk vi gjennom ein del skog. Her var det mykje sopp, ma desse som har etablert seg i "blokk". Og dersom ein trur at furubork er brun, så studer fargane her.



Ein sommarfugl som er ferdig med sitt virke her på jordi.





Framme ved målet. Vårstølen er eit fint, gamalt steinsel som er pussa fint opp.



Når vi går på tur så er der nokre som er sprekare enn andre, og desse har "organisert" velkomstkommite.




Heile selet er murt av fin hellestein.




Inne er det heilt ny bordkledning. Murane er dobble og det gjer at her er det skikkelege glaskarmar, bortimot 1m bredde.




Inngangen. Døra her er låg, var vel vanleg for lenge sidan. Over døropningen er det tredragar og steinhelle, men det som er spesielt er det rommet i veggen over inngangen. Kvifor vart det bygd slik?




På ein haug bortafor selet er der ein berghammar eller stein med ein ring hogd inn.


Dette er ein solring, og denne kan godt vera ca 6000 år gamal. Slike er funne fleire stader i nord Europa. Dei vart ofte hogd inn på ein kant slik at noko av ringen kom utom kanten, slik som her, og den er ca 50 cm i diameter. Mot høgre er det ei grop som kan ha vore eit hol til offring.




Vi starta turen i lettskya fint ver med litt sol. Etter ei stund kom skodda sigande. Ovanom selet her ser vi likevel nokre murar, dette er tufter etter sel som vart flytta vekk etter utskiftinga på 50 talet.



Det vart ingen tur til fjellstølen, vi gjekk nedover att og her var det klårver. Rett ovanom tunet er det utsikt mot fjorden, Sørheim og fjella.




Attende i tunet i Åsen. trur dette er dei eldste bygningane. Her er godt vedlikehald.





Ingen kommentarer: