tirsdag 25. mai 2010

25 mai Marifjøra - Marheim- Joranger kyrkje - Lad - Marifjøra



Vi starta frå buss stoppen ved Marifjøra bru
Og vandra opp bakkane mot Marheim

Det gamle huset på Marheim

Vi ser opp mot Joranger kyrkje

Ein pust i bakken

Her er me på Sviggaplassane med Grindhaug i bakgrunn

Dette er Harberg

Så er i i bakkane opp mot Joranger

Og dei var lange

Heggen var nydeleg og lukta godt

Johan og Gerd måtte venta på oss

Ei gammal rakerive i ein hage
Frå ein annan vinkel

desse veit eg ikkje kva heiter

Nokon tek seg ein tår

utsikten er upåklagelig

So er me oppe ved kyrkja

Og det smakar godt med kaffi på kyrkjebakken

Så ber det nedover att

Natt&dag blomstrar fint i alle vegakantar

her ser me innover til Nes og feigefossen

her har Thorleif Hurthi bikubene sine

her går me ned bakkane mot Lad og ser innover mot Gaupne

Gaupne ligg fint i solstripa
Vidare nedover bakkane

her ser me ned i Marifjøra , og me er snart ved bilane att

tirsdag 18. mai 2010

18 mai Fruli - Oppheimshaug


Denne turen gjekk frå Fruli til Oppheimshaug, fint vær var det og me starta med friskt mot.


Ikkje alt me såg på vår ferd var like vakkert

Men me vandra vidare , ein liten påminnelse om att det ikkje var lenge sidan det var vinter såg me og

Friske bekkar og søte blomster fann me over alt

Og før me viste ordet av det var me kommen opp i Oppheimshaug.....eller Haugen som det var nokon som sa

Her vart me ønskt Velkommen av mange fine ting...

Utsikten var storarta
På veg opp trefte me han Kjell Oppheimshaug som sa me kunne setta oss på verandaen hans å drikka kaffi, noko som nokon av oss gjorde , medan andre sette seg under epletre?

Kaffi og mat vart i alle fall forterte....

tirsdag 11. mai 2010

11mai Talsete til Bergheim

Bergheim er målet, 15 stk i kald vind og snøbyer, dette er folk som trossar været ! Som me ser på bjørka bles det godt når me starta.
Men det stoppar ikkje oss, friskt mot opp bakkane!


Fotografering må til, og når me kom opp i bakkane tok ikkje vinden.

Mykje var det å sjå på, frå den fine utsikten som me hadde heile vegen, til små blomar i grøfta, og litt som hjorten hadde lagt frå seg
Men so begynte me å sjå spor etter raset som hadde gått her

Og det var mykje større enn me hadde trudd,
Klatring måtte til her
Men alle kom over i god behold, så då var det godt å komma inn i den gamle restaurerte stova oppe på Bergheim

Kaffi og mat smakar godt etter oppstigningen

Etter maten måtte me sjå oss om
Kva er dette for eit hus, me gjekk på baksida og der fekk me svaret!

Skrivepulten måtte prøvast.
Er dei vorte jomfruer på nytt desse som kjem ut her skal tru?

På denne stolen skulle ein vist bli fruktbar , tiden vil vise det!
Utsikt har dei i alle fall hatt dei som busette seg her i si tid, det har det ikkje vore fast busetnad sidan 1967
Sjå snøkavane i fjella, kor tid kjem våren?
Så var det berre til å ta fatt på nedatt turen ,

Denne fjelldronninga har klart seg unna raset og klamrar seg fast på glatte berget
Og sjå her! han Per har rydda veg til oss

men kva er dette
her har dei store steinane som han Per hivde utfor fare ille med vegen

tre over vegen er heller ingen hindring for denne jengen
Her har det vist gått ein stein i stor høgde,og treet har hekta seg i neste tre
Så var me nede , og alle var enige om att det hadde vore ein fin tur , om litt utanom det vanlige