tirsdag 11. september 2007

Bruheim mot Dalestølen

Denne turen gjekk me frå Bruheim på Hafslo og grusvegen framover mot Dalestølen men eit stykke før Dalestølen tok me av til høgre opp gjennom eit byggefeldt, der gjekk me til endes.


Kaffi og niste må nytast, og her var det fleire som hadde lyst å smaka

tirsdag 28. august 2007

Tur til Bergsetbreen

Denne turen gjekk frå Bergset inns i Krundalen og fram mot breen, ein fin tur i flatt tereng.




tirsdag 21. august 2007

Gamle Kyrkjevegen Jostedal kyrkje Sperle


Denne turen gjekk me frå Jostedal kyrkje og den gamle kyrkjevegen over Kvernadalstunelen og Styggegjølstunelen og ned att på Sperle . her var det mykje tytebær og dei var fristande, men diverre berre raude på eine sia enno.
Kaffi og mat er eit fast innslag, me gjekk og forbi ei Olavskilde som me måtte beundra.

tirsdag 14. august 2007

Tur til Åsen i Jostedalen

Her gjekk me frå Åsestøl og opp berget til Åsen der Marit Elvekrok hadde ordna med att me fekk komma innandørs og eta nista vår. nedatt gjekk me den nye vegen eit stykkje får me kom inn på ein gammal veg og fortsatte langs elva ned att der me hadde bilane våre





lørdag 7. juli 2007

Tur på hytta til Annemor


Den 07.07.07 Ein bra dato...og vi tek turen frå Fruli og opp på Krossen til hytta til Annemor,


tirsdag 26. juni 2007

Tur til Skåri i Mørkridsdalen

Denne turen gjekk me opp i Skåri ein gammal gard som er restaurert, her kan du lesa meir om det www.skjolden.com gå på attraksjoner og der ligg omtale om Skåri. mange fine hus og fine detaljar var det der





Mat og kaffi smakar godt etter å ha vandra oppoverbakke i varmen

tirsdag 19. juni 2007

tur til Røssesete


Denne turen gjekk frå Harastølen og opp på Røssesete , me hadde med oss ein hund og han rulla seg først i restane etter ein bilbrann på veg opp, der det var rikelig med olje blanda med sot, han var kvit ved start med bytta farge. det hjelpte ikkje med bad, fargen heldt seg i fleire veker.

tirsdag 5. juni 2007

Tur til Kilen


Her er me samla ved Dale kyrkje og skal gå frå Tadlagjerdet i Dalsdalen og fram i Kilen

Kaffipause