tirsdag 28. april 2009

Mollandsmarka


Så var vi samla til tur. Mollandsmarka er målet,
14 stykker var møtt opp.
Vi kjørte opp til kvernhuset på Sie ,og så var det å ta beina fatt,
spennande å sjå om me trefte på alle paddene vi såg i fjor her oppe,
men i år var det berre nokre "slimhaugar" å sjå,
me var der nok ikkje på rette dagen.

Når me var kommen eit stykke utover var det fin utsikt til Hafslo, det var ganske grått vær denne tysdagen, men ikkje ein einaste regndråpe , så det var fint gåvær.

Så var me kommen ut på Fevol, der hadde dei fått seg ein skikkelig solid stol.



Her kunne me og sjå den gamle og nye tid.


Heilt ned på kanten måtte me, der var det fin utsikt til Måsavika der me var i fjor.

Ellers var det ikkje så mykje å sjå av Solvorn, der låg skodda.

Men mat og kaffi vart det no i alle tilfelle,og som du ser av bilda er alle like ivrige til å finna fram det me har i sekkene våre.

tirsdag 21. april 2009

Skogsveg på Nes

I dag var det samling på Nes, der Rita Kalstad var så snill å stille opp og guida oss oppover forbi gardane og oppover ein fin skogsveg, der ein kan gå heilt til Flatningane, eller ein kan ta av oppe eit stykke og gå til Råum, men då er siste delen sti som vist skal vera litt tøff for oss. I dag er planen å gå oppover eit stykke, så får me sjå kor langt me kjem.

Me fekk sjå eit gammalt steinhus som dei dreiv og reparerte på, etter som Rita hadde hørt skulle det byggast sammen med det nye huset, me får ta turen ein annan gong å sjå korleis det vert. Det er snakk om å gå same vegen seinare på året, og då gå heilt på Flatningane.

Det var mange hestar der og det er no flotte dyr, men så skulle me ha oss ein rast for å drikka litt, og Rita sett seg på ein stein , men kom seg rimelig fort opp, for under den var det ormebol. Berit hadde fotoaparatet klart og fekk knipsa den siste som sklei på plass.


Me vandra vidare


Og etter å ha gått 2 timar (bilde på start var teke 10.45 og her 12.46) var det tid for mat, me fant oss ei mark der det ikkje var steinar, så der følte me oss trygge for orm, kaffi og mat vart funne fram , neste tur vart diskutert, og det vart bestemt Mollandsmarka må besøkast i år og, planen er å gå frå kvernhuset og ut til Fevol.


Så var det retur same vegen, forbi hestane, hoggormen såg me ikkje meir til, og bra var det.


Men me fekk eit fint syn, mor og barn.

Så var me ved utgangspunktet, kunne nyta utsikten frå den nye rasteplassen på Nes, og som me slutta slilane med før i tida.......alle var einige om att det var ein fin tur.

tirsdag 14. april 2009

Engjadalen - Råum

Så var dagen kommen for starten på gåturane for 2009
12 damer var møtt opp.....humøret var på topp og likeså været......
det er jo tysdag.
Turen starta som vanleg ved Prix i Gaupne , vi fordelte oss i 3 bilar og kjørte opp i Engadalen,


Så var det å ta beina fatt , fin grusveg var det å gå på, utsikten var bra, ein stopp på Ordførarsete vart det og.

Herfrå ser ein det meste av Gaupne




Litt is frå fjelsidene må ein rekna med

Så var vi på Råane og det var tid for matpause og ein rast i bakken