Den første bilen over Filefjell

Den fyrste bilen gjennom Lærdal
"Her passerte den første automobilturist i Norge, nederlenderen Beduin, på sin vei fra
Kristiania til Lærdal i august 1901", lyder teksten på ein minnestein ved Husum i Lærdal.
Steinen vart oppsett i 1976 under eit veteranvognløp til minne om denne fyrste bilturen.
"Han gaor tao se sjål!"
Den 3. september 1901 gjekk det gjetord ned gjennom heile dalen, frå Filefjell til Lærdalsøyri, at
ein "automobil", eit merkeleg køyretøy utan hest og som gjekk av seg sjølv, var på veg.
Telefonstasjonane i bygda kunne melda at tre utlendingar hadde kome med bil til Nystova kvelden
før og skulle vidare til Lærdalsøyri neste morgon.
Slåtten var nok for det meste unnagjort, kornet stod moge og potetene skulle snart i hus. Men
unge og gamle kasta no det dei hadde i hendene og stilte seg opp i vegkanten og venta på
vidunderet. Nokre hadde høyrt om slike køyretøy frå Amerika. Unggutane var forventningsfulle og
sputta karsk i veggrusen medan dei la ut med stor fagkunnskap om korleis slike "automobilar"
fungerte. Dei vaksne var skeptiske og tenkte at slike innretningar skremde hestane, medan dei
gamle krossa seg og såg for seg at undergangen var nær.
Mannen
Nederlendaren Petrus Scheltemer Beduin (1870-1928) var bilpioner i Europa ved århundreskiftet.
Han var ein eventyrar med sans for dramatikk og hadde vore på lange ekspedisjonar med bil i
Alpane og gjennom St. Gotthardpasset. I august 1901 la han ut på ein ekspedisjon saman med to
andre til Skandinavia og Norge. Skandinavia var då rekna som "Europas villmark", og ein
bilekspedisjon der ville vera ei endå større utfordring. Beduin trudde at det til då ikkje hadde vore
køyrt bil i Norge, bortsett frå eitt unnatak, men det er ikkje rett. Alt i 1895 vart den fyrste bilen
importert hit til landet. Men den fyrste offisielle prøveturen med bil i Norge skjedde ikkje før dagen
då Beduin saman med to andre nederlendarar, Stokvis og Rosier, køyrde ned gjennom Lærdal den
3. september 1901.
Bilen
Beduin valde ein fransk bil av merket, Panhard & Levassor, årsmodell 1901. Motoren var oppgjeven
til å kunna yta åtte hestekrefter, men med elektrisk tenning fekk ein ut "heile" 18 hk. Karosseriet
var bygt av den ikkje ukjende Rotschild i Paris, og var heilt av aluminium. Fargen var truleg mørk
raud eller mursteinsraud. Motoren var framme med drift på bakhjula ved hjelp av kjeder. Bilen
hadde heile fire gir, og i reservedellageret låg fleire kjedehjul med ulike storleikar slik at
utvekslinga kunne avpassast etter terrenget. Farten var upåklageleg, opp mot 47 km/t hadde ein
tilsvarande bil oppnådd som gjennomsnittsfart i eit billøp Paris-Amsterdam-Paris i 1898, men slik
fart vart neppe aktuell i Norge.
Førebuinga til turen var nærast "perfekt" ut frå tidlegare erfaringar i Alpane. Bensintanken var
ekstra stor, nok til å romma bensin for heile 600 km på flat veg og olje til 5000 km og mengder
med reserveslangar og dekk. Slike varer var lite utbreidd i Norge i 1901.
Bilturen Kristiania - Lærdalsøyri
Beduin med bil og følgje kom til Kristiania den 26. august. Etter prøvekøyring og andre førebuingar
la dei ut på den 350 kilometer lange turen til Lærdal, truleg den 1. september. Turen er utførleg
nedteikna i dagboka til Beduin som vart funnen så seint som i 1976, 75 år etter. Saman med
Beduin sine eigne bilete vart ho trykt i VOLUND, Norsk Teknisk Museum si årbok.
Ruta gjekk til Sundvollen, Hønefoss, gjennom Begnadalen og Valdres, over Filefjell til Lærdalsøyri.
Hittil hadde ingen sett bil på desse vegane, berre hest og vogn. Det var ikkje tilfeldig at denne ruta
vart valt. Hovudvegen mellom aust og vest hadde frå uminnelege tider gått her, slik Europavegen
no, E16, framleis gjer.
Etter opphaldet på Nystova var Brusestølsbakken på Filefjell ei stor utfordring. I følgje Beduin og
dagboka var den ".. 600 meter lang og stigningen var på omtrent 20 % .." Det var tinga hest og
mann, men dei prøvde å koma opp utan hjelp. "Jeg tok rattet igjen, mens Stokvis og Rosier sto på
stigtrinnene. I første gir med full gass, startet vi på veien mot toppen. På den bratteste
strekningen mistet bilen fart og Stokvis og Rosier hoppet av for å skyve. Et øyeblikk senere, da
stigningen begynte å flate seg litt ut, fungerte motoren godt igjen og bilen rullet videre oppover.
Da jeg kom til toppen var Stokvis og Rosier ute av syne. Etter å ha stoppet bilen, gikk jeg tilbake
til fots for å se etter dem, og fant dem halveis nede i bakken. De satt på en stein på hver side av
veien og forsøkte å få igjen pusten.
Vi sendte hjem mannen og hestene med stor tilfredshet. Vi følte det slik at gjennom denne
mannens øyne hadde praktisk talt hele Valdres sett det hele og at hans arbeidsgiver straks ville
telefonere hit og dit, til alle steder hvor man hadde veier for å fortelle at motorvognen kan klare
stigningen i fjellet."
Litt seinare møtte dei Anders Maristuen jr. på sykkel. Han ville ta eit veddemål om kven som kom
fyrst fram til Maristova, men dei avslo. Anders Maristuen valde også sidan bil framfor sykkel og
vart den fyrste pilpioneren i Lærdal. I 1909-10 starta han opp den aller fyrste bilruta i fylket
mellom Maristova og Gol og var mellom initativtakarane til bilrute Fagernes - Lærdal i 1910.
75 år etter
Lærdølen, Mons Frydenlund (1883-1981), hugsa som attenåring dette hestelause køyretøyet,
mørkeraud på farge, som samla ung og gammal langs vegkantane i forskrekka undring. Han vart i
den samanheng intervjua av journalist Børre Lund i Aftenposten i 1975.
Minnesteinen ved Husum er hoggen og gitt av Peter Lyse, Sundvollen, som var seks år då bilen
passerte heimstaden hans. Lyse vart bilentusiast resten av livet. Begge to var med under
avdukinga av steinen i 1976.