tirsdag 31. august 2010

31.08.2010 Myklemyr - over Haukåsgjelet


Det vart ikkje Vassdalen denne tysdagen heller, det spørs om den må utsetjast til neste år, det er ein lang og krevande tur som krev turt vær............men tur vart det!!!! Myklemyr og over Haukåsgjelet og tilbake ...........

Her ser me restane av gamle vegen fram til Myklemyr

Grindar for å halde sauene på rett plass er det alle stader

Etter ei stund trefte me på denne bommen , men me rekna med att den gjalt ikkje for oss på to føter

Det ser ut for att nokre av dei på fire trur det gjeld dei, men dei fleste slo seg i lag med oss


Grusveg til å begynne med, og snart var me ved vegskille til Hompedalen......men der var det vist styggelig bratt så det frista ikkje


Fint å kunne soma inn Myklemyr, langt der nede låg det........


Litt skummelt for oss med høgdeskrekk, for det var laaaaaaaaaaangt ned


No er me kommen over der tunellen er for no ser me vegen til Vigdalen

Påfyll av antioksidanter må til

Så var det dagens spørsmål .....Er det nokon som kan gi forklaring til desse to bilda


Og så til slutt .er det sopp eller rust?

24.08.2010 Geisdalen


Denne tysdagen var det Vassdalen som sto på programmet, men det regna frå morgonen av og det vart bestemt att me skulle gå i Geisdalen i staden, gjera eit byte. så me starta i Myri der vegen deler seg ein går til Fagredalen og ein til Geisdalen. gjekk på fin grusveg opp og innover dalen

På stølen Geisdalen var det kyr som beita


Så var me ved vegens ende, det bles og var litt surt så me snudde og gjekk litt ned att i dalen for å finna ein lunare plass og nyta kaffien vår


Fin natur og mykje bær var det , så det vart mange stopp for å fylla på med antioksydander




Dei firbeinte lurte nok på kva me gjorde her, og på deira etterlatenskaper vaks de sopp, den fekk god næring


Så fann me oss ein lun plass og kaffien kom fram, og i dag var me heldige Ivar var med oss og han fortalde mykje intressant om Jostedalsutbygginga og alle tunellane som er under bakken her



Så var det heimveg, forbi Geisdalsstølen enno ein gong, no lettare i været


Her ser me framover i Krundalen


Så var me ved bilane att, og alle var vel fornøyd med denne turen og

søndag 22. august 2010

17.08.10 Berdalsfjellet


Når me sto opp om morgonen denne tysdage regna det som himmelen var open, men tur ville me på i alle fall 6 stykker, og innan me var komne opp på Berdalsfjellet var det slutt på regnet.

Nokre skoddedottar låg det no hist ig pist, men det var ikkje vind eller regn, så det var rett fint å gå, ursikten kunne no kansje vore bedre men me hadde vel sett det før


Om utsikten til fjella rundt ikkje var av det beste så var det desto meir å sjå på på bakken...

Steinar med mose på


Og ei koseleg kaffirast hadde me, jammen trur eg sola ikkje var langt vekke heller


Så var det på vandring att, og her kjem eit lite utval ab alle dei fine plantene me såg....












Og alla var som vanleg enige om att det hadde vore ein fin tur.........

Her er det nokon som har leika seg
Og denne soppen har søkt ly......