tirsdag 26. juni 2012

26.06.2012 Vigdalen Vårstølen- Breisete- Vigdalstølen- Vårstølenn

Så var me i gang



Fin steinklopp å gå over

På rekke og rad

Snart var det ei ny bru.

Fin sti

Snart såg me første molteblomst

19.06.2012 Gaupne Navarsete -Brunestegen

Klar for tur frå Engjadalen til Navarsete og over til Brunestegen

Navarsete

Her går det oppover

Vi kan sjå ned att på Navarsete
Og nedatt i Engjadalen

Me går på rekke og rad

Jammen er det snø her og

No ser me ned att i Gaupne, og Jargolane,


12.06.2012 Hafslo Breiviki over Veitastrondvatnet og opp til Holestølen

Holestølen var målet denne tysdagen.


På plass i Breiviki,

Så vert det båttur som start på dagens gåtur

Motor må til

Der borte ligg Hola, og langt der oppe Hlestølen, dagens mål
Godt lasta båt

Full båt,  alle  med redningsvestar

Må dei ro?
Så er me i gang, med både gåing og fotografering

I Hola måtte me ha ein matpause

Men me må vidare, her var det fint å gå

Og noko å holda seg i

Men det skulle bli verre, gå i tog på denne måten er ikkje vanleg sjølv på våre turar
Men alle kjem opp

No nermar me oss

Her hadde me andre matpausen

fotografering må til

Så var det nedover

Legg til bildetekst
helga hadde med lappar, syltetøy og rømme så det vart enno ein matpause når me kom ned att


Trebåten hadde teke inn so mykje vatn medan me var på stølen, att det rann inn over ripa, men etter god ausing var den flytande att

Og på full fart mot Breiviki, med bøtter til ausekar, alle kom vel heim og hadde hatt ein fin opplevelserik tur !

tirsdag 5. juni 2012

05.06.2012 Nes

Nes var startpunkt denne dagen, 11 damer og 2 menn hadde møtt opp. Me parkerte på Campingen og tok beina fatt, mange nye hus var det komme sia sist me gjekk der, litt diskusjon om kven som budde der vart det, noko viste me ,men ikkje alle. Ved første kryss vart det diskusjon om kva veg me skulle gå, oppover eller utover,det vart fleirtal for å gå utover Råaberget.
Ein fin tur utover der vart det, men den var kort, så me snudde og gjekk eit stykke innover att, der det gjekk ein sti rett oppover, der delte me oss, 3 stk fortsatte innover til dei trefte att vegen som gjekk oppover, og resten tok fatt på oppstigninga. Når me fann att vegen fortsatte me nedover eit stykke og tok matpause, og når me starta att gjekk me berre rundt ein sving, der satt dei som hadde gått oppover vegen.

Dei første me møtte.

Hestane var her i år og, men no gjekk dei bak eit eletrisk gjerde.





Me vandra utover oppe i Råaberget.

Tett skog var det,

Artige figurar

Og jammen veks dei sjølv om ho Dagmar har lagt dei med rota i veret .

Og så vart det utsikt.

Jammen ser me Råatunellen og.

Og så var det slutt på vegen.

Me må nyta utsikten



Molden og Eikjastrondi

Og her kan ho Marie sjå heim att.

Her må ein sei naturen har lagt til rette for vegbygging

Her kjem me ikkje opp.

So bar det oppover bratta

Her har hjorten vore.

Rotvelter er det over alt.

Og artige treformasjonar.

So var me på vegen att, og starta på nedstigninga.

Raritetar er det over alt.

Kalvane låg på plass når me kom nedatt og.

Når me kom ned att vart me møtte av ein heil flokk med killingar.

Og så var vi ved fjorden att, og som vanleg var alle fornøyde.