lørdag 28. november 2009

24.11.09. Tur i Luster

Tysdag den 24 November.
Dette er den siste turen no i haust og vi møtest ved Lustrabui,
skal gå ein runde i Luster
og deretter avslutte med kaffi, mat og mimrestund på kafe.

Frå parkeringsplassen ser vi at skyene lettar og blå himmel kjem fram.
Vi går oppover i byggefeltet og innover vegen ovanom skulen.
Her er utsikten utover fjorden ogvi ser nokre av husa i bygda.

Og her er innover bygda og fjorden.
Vi ser litt av Sjukestova eller Luster Omsorgsenter til v. og Kvåle og Solstrand i midten.


Litt vårstemning i grøftekanten.



Og her litt haustfargar i hekken og epletre med eple og utan lauv.



I Luster er det nett opna ein ny kraftstasjon,
her ser vi rett inn i stasjonen og vatnet som kjem ut og no har laga straum.


Stasjonen ligg rett ovanom Lerisbui.


Nokre hus på Kvåle.


Her er utsikt frå Kvåle og ut fjorden.


Og her ser vi mot Luster.



Lenger inn kjem vi ned i stranda.
Luster speglar seg i ein uvanleg stille fjord.


Fjorden speglar himmel og nes utover fjorden.
Vi skimtar Fladhammerskjæret langt ute.


Sørheim og fjella utover speglar seg og.




Og her eit parti lengre inne.



Nyper i strandkanten.




Svaberg nedom hyttene innafor Solstrand.


Innover fjorden. Ein skoddedott skjuler Mordølefossen.


Dalsdalselva, Lerisbui og kraftstasjonen.


Litt meir vårstemning i haustveret.


På vandring gjennom Luster sentrum, og mot avslutning på denne tursesongen.
I alt har vi hatt 33 turar og 44 personar har vore med på tur.
Nokre har vore med ein gong og nokre rett mange gonger.
Til våren startar vi opp att.
Vonar at mange vert med.




















17.11.09 Tur på Mollandsmarki

Tysdag 17 November.
Det er sein haust, lettskya, såvidt under 0 og litt glatt.
Og vi vil helst gå ein stad der det er grusveg og bra stødigt å gå.
Valet vert difor Mollandsmarki, frå parkeringsplassen på Krossen.

Her startar vi. Dette er og parkeringsplassen for dei som vil til Molden.
Og her er det skilt til Molden men vi observerar og passerar.
Det får bli neste år, kanskje.

Vi har vore her før og har høyrt om tjødni, men grunna skogen så har vi ikkje sett den før.
Og den er jo større enn "sume" trudde syner det seg.


Mosegrodde skrøpelege tre mot blå himmel er eit fasinerande syn.



Dette vart litt mørkt, teke mot lyset og litt for mørkt på bloggen.
Men her er utsikt over Mollandsmarki med Eikeberg til v.
og fjella utover fjorden er over Ornes til v. og Solvorn til h.

Trestubbane står som stabbesteinar langs vegen.


Dette kan vera Rødrandkjuke eller Knuskkjuke.
Desse kan vera svert like, avheng av alder mm.
Men Rødrandkjuken smeltar dersom ein held ei tend fyrstikk bort til hatthuden

Mykje hus bortover her.


Her ser vi innover mot Feigedalen og fjella rundt. Husa til v. er Eikeberg.


På ein garasje på Molland står dette skiltet.


Og her er utsikten utover fjorden.


Gardar og utsikt.

Ved kvernhuset på Sie hadde vi matpause.


Vi slappa av og kosa oss i sola.


Og denne utgava av ei "ugle" syner at ein kvan
på Sie ser fine figurar i stubbar og røter.


Og her er enda ein, kanskje liknar denne mest på ein hubro.


Etter matpausen starta vi på returen.
Denne bygningen er bygd av solid tømmer, men kva har den vorte nytta til?


Og endå ein gamal solid bygning, men denne har fått bølgeblekktak.


Og så vart det ein tur nedpå marka, og då vart dette eit fint motiv.
Hus i ulike fargar og "vatn" framføre.
Vatnet er nok pga at det har vore frost og så regna ein del.
Og dette vert siste bilde frå denne turen.
Neste tysdag vert truleg siste organiserte turen dette året.


















onsdag 18. november 2009

10.11.09 Tur frå Bruheim på Indre Hafslo.

Tysdag 10 november.
Ein praktfull dag, nattefrost, kaldt, vindstille, sol og blå himmel.
Vi køyrer til Indre Hafslo og parkerer på Bruheim.
Trur garden her heiter Bruheim. Den ligg fint i solskinet.

Sola står lågt og lagar skarpe skilje mellom rima og tinte parti.


Kva har ho Åse fotografert no?



Gamal bygning med rusta bølgeblekk på taket.
Eit fint motiv for dei som malar med akarell.


Rim på marka og vese gras.


Vandring på islagt mark.


Solskin i vatn og is med lauv under gir fine fargar.


Stølsområde. Kven eig her?


Og her utsikt til hytteområde.


Brun vinter kan og vera fin.


Grønt og gult gras i isen.


Hytta til Lillian og Hans Moseng.


Her tek vi matpause i solveggen.


Utsikt frå hytta. Molden til v. Fjellet ovanom Ornes bakom.


Etter matpausen vandrar vi videre og passerer ei elv med is og rennande vatn.


Parti frå same elva men zooma inn.
Her er eit tre som dannar ei bru over elva.


Og avslutninga på denne turen vert eit nærbilde av
isen og vatnet over steinane i elva.