søndag 24. november 2013

07.11.2013. Luster - Berge.

Torsdag 07 Nov 2013.
Tur i Luster, frå Kvåle til Berge.
 Første stopp på turen er ved denne steinen på Kvåle. Luster er med i eit prosjekt som er kalla: Landskap i Luster- ei Kunstreise. Her er eit maleri som Johannes Flintoe mala i 1819,
 Maleriet er frå Kvåle og utover og heite Dale kyrkje.
 
 På veg mot Berge, her er komne nye fine skilt.
 Utsikta frå vegen oppover, Kvåle og utover Lustrabygdi og fjorden.
 Bø, eit nedlagt bruk.
 Skodde og skya ver utover fjorden.
 Kan hende lettar det?
 Innover mot Mordølefossen.
 Og så lysna det.
 Stemningsfullt utover fjorden.
 Husa på Berge.
 Nedlagt bruk på Berge.
 Sola tittar snart fram gjennom skyene.
 Han Anders sler av ein prat når det kjem folk til gards.
 Gamalt steinhus.
 Harastølen i skodda.
 Sela på Brennesteinane.
 På veg nedover, Luster og fjorden.
 Framover Dalsdalen, Åsen til venstre og Kolstad øverst i midten.
 Dalen, Dalehaugen og Åsen.
 Åsen og Kolstad, og fjella over Framdalen.
 Bringebøen og Bringe.
Og her enda turen, ned att ved Rv.55.
Dette vart siste turen dette året. Til våren startar vi opp att,
 vi ønsker alle velkomne til ny sesong med "Ut på tur i Luster Kommune".

torsdag 24. oktober 2013

24.10.2013. Tur frå Skjervo til Hovdane på Hafslo.

Torsdag den 24. Oktober 2013.
Tur frå Skjervo til Hovdane på Hafslo.
Elendig melding men det vart lettskya ver og litt sol innimellom.
 
 Skjervo.
 Tilskuarar på vegen.
 Fint gamalt stabbur.
 Her er fin grusa skogsveg.
 Nedmed vatnet ligg fotballbana.
 Hafslovatnet med bygg byggefeltet t.v .
 
 Sideveg til Båskanovi.
 Nydelege haustfargar.
 Gamalt sel eller fjøs.

 Støl ovanom vegen, her heitte det Lunden.
 Og dette kallar me turrtrening.
 Dette er frå Hovdane og vegen går videre innover.
 Utsikt i retning Turlid og Simosete.
 Utsikt lengre innover, retning mot Veitastrand.
 På heimveg.
 Galden og Lustrafjorden.
Kjempefin oversikt over gardane langs Hafslovatnet. Bremerfjøsen til venstre.

fredag 18. oktober 2013

17.10.2013. Tur i Dalsdalen i Luster

Torsdag den 17. Oktober 2013.
Tur i Dalsdalen i Luster, frå Haugane mot Kolstad.
Lettskya fint ver i Dalsdalen men skodde over Lustrafjorden.
 Vi starta på Haugane, gjekk over brua og framover dalen på nordsida eller på solsida.
 Starten
 Innover dalen.
 Øygardsvollen på solsida men ikkje sol endå.
 Øygarden, i det vetle gule huset har ho Bjørg bunadutstilling om sommaren
 Elva framom ferista, mot Kolstad og innover.
 Larsgjerde med ei skrøpelege Heltnaløe og Kolstad oppi Bakkane.

 Frå Tadlagjerde.
 Frå Tadlagjerde.
 Frå Tadlegjerde og heimover dalen.
 På veg opp mot Kolstad.
 Frå Sage og innover mot Framdalen.

 Vegen til Kolstad går i svingar oppover fjellsida og her er fleire utsiktspunkt.
 Her er Sage og innover dalen.
 Og her noko lengre oppe.
 I ein sving er det eit fint lite stabbur.
 Her tok noken av oss matpause medan andre gjekk noko lengre oppover. 
 Attende på Tadlagjerde, sola har komme mest ned i dalen.
 Larsgjerde framleis i skuggen men løa ser noko meir presentabel ut frå denne kanten.
 Øygarden i sol og haustfargar.
Turen slutta i strålande solskin.