torsdag 26. juni 2014

26.06.14 Vigdalen Skaret - Ormbergstøl

Torsdag 26 juni. Tur frå Vigdal til Ormbergstøl.
 
 Bilane parkert og vi er klar for tur.
 I starten går vi på vegen til Skaret.
 Utsikt nedover frå Vigdalen, vi skimtar Jostedøla langt der nede.
 Skaret. Nedlagt småbruk.
 Huset frå andre sida.




 Parti frå vegen.
 Same staden men heimover att.
 Me som hadde bil snudde då me kom til nedstigninga.
På Ormbergstøl henta me dei som gjekk heile turen.

torsdag 19. juni 2014

19.06.14 Hafslo Skjervo - Øygarden osv.

 
Torsdag 19 juni. Tur på Hafslo, frå Skjervo og utover skogsveg.
 Nydeleg ver og sumaren er kommen med blomster og insekt.



 Utsikt ned mot fotballbana.




 Desse grantrea var kjempehøge og stod tett.
Då vinden ruska litt i dei svaia dei fint og "song" til oss.
 Furubork på nært hald.


Skjervo.

torsdag 5. juni 2014

05.06.14 Luster Berge - Ottane

Torsdag den 5 Juni. Tur i Luster, frå Berge til Ottane (Ottum).
Denne turen var heilt ny dette året. Det var såleis noko spennande å sjå om
 denne ruta egna seg for oss. Me starta på Berge og gjekk innover gjennom skogen.
 
 
 Dei har no fin utsikt dei som beitar her.
 Her er 2 gardar, husa her tilhøyrer den garden som ikkje er i drift.
 Husa står tomme. 
 Fjøsen her er i bruk, og så ser me utover fjorden mot Molden.
 Denne er nok ikkje i bruk.
Men er ypperleg motiv for slike som tegnar og malar.

 Gøymestad langs vegen.
 På leit etter fotomotiv.
 Litt zooming så kjem nokre kjende bygningar i linsa.
 Endå eit hol til å krypa inn i.
 Eit fint parti for ein gåtur. Nokre stader var det noko kronglete å ta seg fram
 men kan henda me gjekk feil ei stund.
 Godt vaksne tre langs vegen.
 Me kom fram til ei løe, men me var vel komne for langt opp.
 Husa på Ottane dukka opp omsider. Her er utsikt innover mot Skjolden.
 Velfortent matøkt.
 Mordølefossen sett frå Ottane.
 Og så var her og nokre fine motiv, gamle hus er perfekte.



 På veg nedover frå Ottane.
 Ein tur nedom stranda, og eit praktfullt gamalt naust,
 kor gamalt er det tru?
 Og endå meir naust. Desse er nett utom Ottatunnellen.