lørdag 24. september 2011

Tysdag den 20.09.2011 Tur til Navarsete

Sidan det var delt tur denne tysdagen tok me som gjekk i Engjadalen føre oss alle svingane oppover, eg har fått kopiert frå Bjødnaposten 1992 korleis svingane fekk navn, og bakgrunnen for det.

Kvifor svingane fekk namn
Stadnamn blir gjerne til ved hjelp av spesielle kjenneteikn
som naturen har på staden, men kan og vera knytte til personar og hendingar.
Svingane oppover til Engjadalen var ein så viktig del av veganlegget
at arbeidarane sette namn pådei etter kvart som vegen vart ferdig.
Dei fleste namna er knytte til personar og situasjonar.
I alt 8 skarpe svingar fekk namn, og er til god nytte i daglegtalen.

Arbeidet på Engjadalsvegen byrja i 1950, men
først i 1967/68 kan ein seia at vegen var ferdigbygd
opp til Engjadalskrysset sjølv om det låg
føre ferdigattest for dei 3 første parsellane i 1965.
Anleggsarbeidet var delt opp i 4 parsellar. Det var
Statens Vegvesen som bygde vegen eller hadde
ansvaret for at arbeidet vart fagmessig utfort.
Vegen var opphaveleg tenkt som jordbruksveg
eller «dyrkingsveg». Veganlegget vart og kalla for
vegfondsanlegg og gjekk deretter over t i l å bli
gards- og grendeveg og er i dag ein vanleg kommuneveg.
(Kjelde til dette avsnittet: Statens Vegvesen,
Hermansverk).


Småbrukar Per Stegegjerde i Gaupne,
er ein av fleire som arbeidde på Engjadalsvegen. Han fortel til Bjødnaposten i 1992 at det var
akkordsystemet som galdt ved utrekninga av timeløna. Her gjer han greie for korleis og kvifor svingane fekk namn:






Judassvingen
- Dette er første svingen pa Engjadalsvegen. Her
skulle det byggjast ein stor mur. Basen, dvs. formannen
i arbeidslaget, fekk oppdraget av oppsynsmann
Hermund Marheim. Men da ville basen
sjølv velja ut dei karane som skulle vera med han.
Alle som hadde vore med i laget hans tidlegare,
fekk ikkje vera med no, og det var desse som sette
namnet pa svingen.




- Arbeidet på denne svingen stogga opp rett som
det var. Det vart arbeidt bolkevis, truleg var det
pengemangel. Terrenget var ikkje spesielt vanskeleg.
Det vart i grunnen ein god sving til slutt.
Men det tok altså «ein evighet» for han vart ferdig.



Storpreikaren
- Dette er svingen med den høgste muren. Men
så var dei høgrøysta dei som arbeidde på han og!
Han Anton Røneid hadde gode talegaver og det
hadde t.d. Konrad Øvrebø og han Johan Sandvik
og, for a nemna nokon. Praten og diskusjonen
kunne høyrast heilt ned i Gaupne. Det vart ein
stor sving i dobbel forstand. Då eg og han Knut
Ekrene byrja med murfoten, sa syningen t i l oss at
muren skulle koma-jamnhøgt med toppen på ei
bra bjørk som stod attmed oss. Det hadde me
vanskeleg for å t r u . Men slik vart det.


Peisen
- Svingen har namn etter terrenget. Me måtte
skyta oss inn i fjellet og denne innholinga vart
som ei gryte. Svingen vart og ei t i d kalla Korketrekkaren,
men dei fleste sa Peisen. Og slik vart
det. Kristian Prestetun var bas.



Dubbelmyren
- Her og vart det høg mur, og det vart gjort mykje
og fint arbeid. Men namnet kjem seg av at to av
dei som arbeidde mest her, hadde i daglegtale
«myr» i namnet sitt, nemleg Kristian Sandvik
(Myra-Kristian) og Øystein Leirdal (Øystein i
Myri).



Jensaper'n
- Det var eg og han Jens Hillestad fra Hafslo -
ogsa kalla Stumma-Jens, som arbeidde mykje i lag
her, og svingen er oppattkalla etter oss. Jens var
ein kraftig kar og han hadde si eiga meining om
kvar borhola skulle gå. Her var me ikkje alltid
samde, men me arbeidde godt saman for det.
Henrik Nybo var bas.

Klokkaren
- Han Anton Røneid var bas, og han vart kalla for
Klokkar-Anton, fordi han v a r s on t i l gamleklokkaren.
Difor fekk denne svingen namnet Klokkaren.
I førstninga var det nok eit anna namn og, men eg
hugsar ikkje kva det var.
Apostelen
- Dette er siste svingen for Engjadalskrysset, og
me var kanskje meir opptekne av at me no nerma
oss endepunktet for vegen enn å laga namn, men
eg tykkjest a hugsa at han vart kalla for Apostelen
eller Apostelsvingen. Bakgrunnen for dette namnet
er truleg at svingen er i nærleiken av Kappestad,
der det ein gong skal ha statt eit kapell.
Det skal ha vore navn på ei av strekkene og, ei av damene hugsa dette men ikkje eg i skrivande stund, så det får me komma tilbake til.
I alle fall så vart stavane justerte og me sette i gang oppover mot Navarsete








Der møtte me både kyr og sauer, dei lurte vist på kva me skulle.





Fine små fossar passerte me,

Og rolige små grøve!

Blå himmel såg me og, og då tenkte me på dei som gjekk inne i fjellet !

Så var me kommne på Navarsete, nøkkel til Hytta hadde me med oss , slik att me kunne eta nista inne om det regna for gale, men det vart berre omvisning inne, sola skein og me sat på troppi og koste oss med kaffi og nista.

her kunne me ha laga oss mat om me hadde vilja, godt utstyrt kjøkken .

Koselig sofagruppe.

Og rikelig med køyplassar.

Så var turen over for denne gongen og kyrene møtte opp og tok farvel med oss.
Og som vanleg var alle enige om att me hadde hatt ein fin tur.

Ingen kommentarer: