torsdag 25. juli 2013

25/7 2013. Tur mot Bergsethbreen, Krundalen i Jostedal

Torsdag den 25 juli 2013.
Tur frå Bergseth mot Bergsethbreen, Krundalen i Jostedal.
Dette var turdag med perfekt ver, bilen synte 28 grader, sola skein og
 breen ordna med litt passe vinddrag innimellom.

 Frå parkeringsplassen mot breen.
 Bergseth.


 Vetledalsbreen med elva Vetledøla og Krundøla.

 Krundøla på veg nedover.
 Mot Bergsethbreen.



 Fint med skugge i varmen.
 Store steinar gir ly for både regn og sol.
 Litt zooming og ein ser kor blå isen er.
 Oppover her er Tufteskaret med ein arm av Tuftebreen øverst.
Desse heitte visstnok Geiterams.

torsdag 18. juli 2013

18/7 2013. Høgi - Brekka på Indre Hafslo.

Tur frå Høgi til Brekka, eit stølsområde på Indre Hafslo.
Det var opphaveleg planlagd tur til Røyteholet men noko regn,
 skodde, blaut mark og sti gjorde at turmålet vart endra.
Tre tøffe kvinnfolk stilte til tur. Me starta på Høgi og hadde ein fin tur med variert utsikt,
 trollsk stemning pga skodda, og regnbyger innimellom.
Matpause i vegakanten og kaffi utspedd med regndråpar, det er slikt ein berre må nyta.











torsdag 11. juli 2013

Torsdag 11.07.2013. Tur på Hafslo, frå Rupheim til Fossen.

Torsdag 11 Juli 2013.
Tur på Hafslo, frå Rupheim, forbi Håvardsete og til Fossen.
Fin dag for gåtur, vindstille, litt disigt og passe varmt. Vi køyrde forbi Alme og til Rupheim,
 og gjekk videre på sti til vi kom opp på vegen til Fossen.

 Ein liten fuglunge sprang forvirra omkring,
 den prøvde å fly men var nok ikkje heilt klar for det endå.
 Vegen til Håvardsete og Fossen.
 Langs vegen såg vi mange ulike blomstrar, namn har dei nok men det tek vi ikkje i dag.
 Men fine er dei likevel.

 Brennesle.

 Første glimt av Veitastrandsvatnet, og bortafor ligg Holestølen.
 Fossen.
 Yngsdalen
 Fossen med Yngsdalen i bakgrunn, ned mellom der er Veitastrandsvatnet.
 
 Vi tok det roleg på turen og brukte mest 2 timar hit,
 så mat og kaffi smaka berre heil nydeleg. 
 Yngsdalen, nedlagt og fråflytta gardsbruk.
 Ved vatnet nedom Yngsdalen.
 På heimveg

 Denne heitter Forglemmegei.
 Håvardsete

 
Det er tid for avslapping.

mandag 8. juli 2013

Torsdag 05.07.2013. Tur frå Vegaskilje til Brunestegen, Gaupne.

Torsdag 05.07.2013.
Tur i Gaupne, frå Vegaskilje til Brunestegen.
Det vart reservetur denne dagen men ein fin gåtur likevel.
 Gront og fint i Engjadalen.
 Kjempetre.
 Problem med starten?
 Hytta til Ingeborg og svein, her hadde me kaffipause.

 Utsikt mot Gaupnafjorden, Marifjøra og Molden
Og her ser me litt av Gaupne.