onsdag 31. august 2011

30.08.2011. Tur til Vanndalen

30.08.2011.

Tur til Vanndalen i Jostedal.


Lettskya ver og fin temperatur til å vera så høgt til fjells.

Her eit lite vatn ved parkeringsplassen.
Og så har vi starta.



Utsikta nedover i Vanndalen.



Litt opp i bakken får vi fin utsikt til Vanndalsvatnet, 1045 m.o.h.



Og her er vegen vi skal gå oppover, og målet for turen.



Oppover bakkane er det rikeleg med stein lyng og andre planter, og haustfargane er på veg.


Fint mønster i stein.


Varde. såg ut til at denne var av nyare dato.





Reinlav, krekling og blåberlyng.



Det vart bratt siste beten, men opp kom vi.



Oppe ved målet har vi utsikt ned til Vanndalsvatnet.



Her er vi ved målet for turen. Dette er opp på ein slags rygg, ca 1260 m.o.h.

Skiltet syner at her kan ein gå ut til Myrhorna, 1448 m.o.h og til Vangsen som ligg lengre vekk.
På andre sida av ryggen ligg Geisdalen, ein del lengre ned enn Vanndalen, men der var tett skodde og vi såg ingenting.


Oppe på ryggen er det mykje stein, men og vatn, gras, mose og lyng.




Utsikta frå rasteplassen vår.



Mykje stein med vatn innimellom.



Mot Myrhorna.



Ferdig med maten, skodda kom sigande med litt yr.




Og så farvel med platået oppå ryggen. Veit ikkje om det heitte noko her.



På heimturen vart det nokre glimt av plantelivet i høgfjellet.

Dette er sikkert mose men har ikkje funne namnet.


Dette er og ein vanleg høgfjellsplante som eg ikkje har funne namn på. Men utruleg vakker når den blomstrar. Og seinare på hausten er vel bladene og raude.



Dette er vårt farvel med Vanndalen for denne gongen.







tirsdag 23. august 2011

23.08.2011. Tur på Sognefjellet

Tysdag 23.08.2011.

Tur på Sognefjellet, frå rasteplassen nær fylkesgrensa til Oppland, der som den firkanta steinen er plassert. Målet for turen er å gå grusvegen til Storavatnet. Og veret er berre utruleg fint, små skyer, mest sol, vindstille og fin haustluft.


Ein hjelpsom kar frå Israel tok bilete av heil troppen. No er vi klare til tur.
Vatn med Fanaråken i bakgrunn.



Same vatnet mot vest







Høgt til fjells er det mykje stein med fin mose og fine fargar.



Typisk høgfjellslandskap. Fanaråken i bakgrunn.



Hest i bakgrunn.



Vegen går først litt oppover og då er det stort sett utsikt sør og vestover.

Etter ei stund kjem vi til flatare parti og så nedover, og der er Storavatnet lengst bak,

mot aust.


Høgt til fjells er det eit stort utvalg i stein.

Her ein variant med svert slette sider, kunne tru den var slipt.



Og her er ein variant som ber preg av å ha vore under sterkt press

av ein bre på vandring for ei stund sidan. Den er tydeleg "krølla" saman.



Denne står som ein bauta på mest flat mark.



Langs vegen var det ganske mange små og større vatn.

Det var myrdun, mose og gras ved vatna.




Eit av vatna.



Og her eit anna.





Og her eit lite idyllisk vatn. Dette har nok ikkje noko namn.



Vi nerma oss Storavatnet, og her går ein sideveg mot vest. Eit svert fint parti på vegen.

Vi snudde her. Vart langt nok for oss.



Parti med vegen i bakgrunn, her rasta vi.


Rasteplassen. Godt med kaffi og mat.


Og så var det planter å sjå også på denne turen. Her mose og myrdun.


Fargerik mose.



Ei lita "grøn øy" mellom steinar og vatn.



Karrige kår.



Mose, trur eg.


Desse plantene såg vi fleire stader. Namnet kjem seinare, kanskje.




Rosenrot styrker immunforsvaret, seie dei som veit dette.





På attendeturen hadde nokre skyer letta, og dermed dukka fjellet Hest opp. Dette fjellet ser vi frå Gaupne, ovanom Leirdalen.



Desse balanserer fint på ein kant, ser det ut til.



Varde med Hurrungane i bakgrunn.



Nede ved RV 55. Her er ei samling gamle vardar.

Dette vert siste bilete frå denne turen, ein utruleg fin dag i fjellet.