torsdag 30. mai 2013

Torsdag 30.05.2013. Tur Urnes- Urneskroken

Tur frå Urnes Stavkyrkje til Urneskroken, eit nedlagt gardsbruk innover frå Urnes.
Vegen dit er ein bra traktorveg, noko bratt i starten men deretter er det både flatt, litt opp og litt ned. Mange stader er det god utsikt utover og innover fjorden. I dag kom eit fint cruiseskip innover fjorden då me var komne til Urneskroken, ein stor kontrast til eit nedlagt gardsbruk, og eit synleg bevis på at tidene endrar seg.



 Stoppelshaugen ovanom kyrkja.





 Tunet i Urneskroken
 Cruiseskip på veg til Skjolden
 Gaupnefjorden og Nes i bakgrunn


 Kjempefin farge på denne vetle skapningen på handa til Marie, men kva heitte den?


 Inn fjorden, Kroken til høgre.



mandag 27. mai 2013

Torsdag 23.05.2013 Gaupne Røneidsvegen

Torsdag den 23.05.2013.
Den planlagde turen vart utsett og me fann ein fin reservetur.
Vegen opp Rønneidsmarka er fin å gå, litt bratt og litt flatt,
 bra grusveg når ikkje regnet har vaska han vekk, fin natur og utsikt.
Denne gongen tok vi inn på ein sideveg og fann oss ein fin stad til kaffikosen.
 
 






 Fin liten Einerbusk.

 


Blåber til hausten.


torsdag 16. mai 2013

Torsdag den 16.05.2013 Gaupne - Grindane og frammover

Torsdag den 16.05.2013.
Etter dagar og netter med nedbør vart det reservetur denne dagen.
Vi gjekk i Gaupne, frå Grindane og frametter Jostedalselva.
Her har vi gått fleire gonger før men det er likevel fin tur.

 Mykje vatn i elva.
 Elvane møtest. Reint og klart vatn frå fjellsida og grumsete brevatn i Jostedøla.

 Her kan ein gå til Venåsen og Brunestegen står det på skiltet. Men det må no vera utruleg bratt.


 Her har vore vitjing av både ho Dagmar og einkvan med motorsag.
 Hestehov er eit sikkert vårtegn.

 Sameleis bjørka som sprett ut.

torsdag 2. mai 2013

Torsdag den 2 mai 2013 Solvorn - Nyre

Denne torsdagen skulle me gått frå Oklevik ned,  mot Årøy og tilbake, men på grunn av snø vart turen flytta ned til fjorden.
Så då tok me turen som er oppsett den 9 mai Solvorn - Nyre