fredag 9. september 2011

06.09.2011. Tur på Berdalsfjellet.

Tysdag 08.09.2011.

Tur på Berdalsfjellet ( Sognefjellet)

Vi køyrer mot Sognefjellet, på Turtagrø tek vi mot Årdal, og kjem til Berdalsfjellet.

Vi starta turen oppe på flata, dette er vel høgste punktet på vegen.

Utsikta her vi starta er mot sør/aust og det er vel Soleibotn i bakgrunn.
Vi starta med å gå mot vest, mot Berdalsnosi 1340 m.o.h. Veret er bra, lettskya, frisk bris og passe temperatur. Haustfargane kjem så smått om senn.



Oppe på Berdalsnosi er det postkasse med bok til å skrive namnet sitt i, og der er vi no alle notert.



Frå Berdalsnosi og område omkring er det ein fantastisk utsikt motSkjolden og ut fjorden, men plutseleg kom det regn og hagl, og vi vagla oss i ly bakom nokre hamrar.


Sola dukka snart fram og det kom fin regnboge. Sola skin på Hjerseggnosi og bakom ser vi Haugsnosi og fjella innover mot Mørkridsdalen.

Her ser vi og eit av veldig mange små vatn heromkring.



Høgfjellsnatur med mose og stein.


Og endå eit vatn.



Her er eit av dei litt større vatna, men ikkje så stort at det har namn på kartet.

Men her er nydeleg.



Moltelyng i haustdrakt.


Og endå eit vatn. dette ligg jo heil på kanten, like før det renn ut.


Skyene forsvant og sola skin. Her utsikt utover mot fjellet Hovden, opp frå Furåsen til venstre, og fjella ovanom Skjolden bakover og mot høgre.


Her utsikt mot Turtagrø nedi dalen og Fanaråken i skyene.


Her ser vi Nosafjellet nermast, eller Nosanosi. Dette er det bratte fjellet på venstre sida når ein køyrer oppover mot Turtagrø. Dalen bakom er innover Fortunsdalen.



Sola skin, men ly for vinden må vi ha skal det verta ein god kaffitår.


Fanaråken har komme fram frå skyene.

På høgre kanten på bilete her er det hogd inn ein ring i fjellet. Kva slags merke er det?




Etter kvart som skyene forsvann vart det nydeleg utsikt. Her austover (frå venstre) mot Steindalsnosi, Fanaråken,Kolnosi, Skagastølstindane og Dyrhaugsryggen



Her mot Soleibotn.


Fint turterreng i området her.


Haust i fjellet.


Og fleire vatn



Turen tek slutt og vi ruslar attende til bilane våre borte på vegen.



Ingen kommentarer: