lørdag 28. november 2009

24.11.09. Tur i Luster

Tysdag den 24 November.
Dette er den siste turen no i haust og vi møtest ved Lustrabui,
skal gå ein runde i Luster
og deretter avslutte med kaffi, mat og mimrestund på kafe.

Frå parkeringsplassen ser vi at skyene lettar og blå himmel kjem fram.
Vi går oppover i byggefeltet og innover vegen ovanom skulen.
Her er utsikten utover fjorden ogvi ser nokre av husa i bygda.

Og her er innover bygda og fjorden.
Vi ser litt av Sjukestova eller Luster Omsorgsenter til v. og Kvåle og Solstrand i midten.


Litt vårstemning i grøftekanten.



Og her litt haustfargar i hekken og epletre med eple og utan lauv.



I Luster er det nett opna ein ny kraftstasjon,
her ser vi rett inn i stasjonen og vatnet som kjem ut og no har laga straum.


Stasjonen ligg rett ovanom Lerisbui.


Nokre hus på Kvåle.


Her er utsikt frå Kvåle og ut fjorden.


Og her ser vi mot Luster.



Lenger inn kjem vi ned i stranda.
Luster speglar seg i ein uvanleg stille fjord.


Fjorden speglar himmel og nes utover fjorden.
Vi skimtar Fladhammerskjæret langt ute.


Sørheim og fjella utover speglar seg og.




Og her eit parti lengre inne.



Nyper i strandkanten.




Svaberg nedom hyttene innafor Solstrand.


Innover fjorden. Ein skoddedott skjuler Mordølefossen.


Dalsdalselva, Lerisbui og kraftstasjonen.


Litt meir vårstemning i haustveret.


På vandring gjennom Luster sentrum, og mot avslutning på denne tursesongen.
I alt har vi hatt 33 turar og 44 personar har vore med på tur.
Nokre har vore med ein gong og nokre rett mange gonger.
Til våren startar vi opp att.
Vonar at mange vert med.




















Ingen kommentarer: