onsdag 18. november 2009

10.11.09 Tur frå Bruheim på Indre Hafslo.

Tysdag 10 november.
Ein praktfull dag, nattefrost, kaldt, vindstille, sol og blå himmel.
Vi køyrer til Indre Hafslo og parkerer på Bruheim.
Trur garden her heiter Bruheim. Den ligg fint i solskinet.

Sola står lågt og lagar skarpe skilje mellom rima og tinte parti.


Kva har ho Åse fotografert no?



Gamal bygning med rusta bølgeblekk på taket.
Eit fint motiv for dei som malar med akarell.


Rim på marka og vese gras.


Vandring på islagt mark.


Solskin i vatn og is med lauv under gir fine fargar.


Stølsområde. Kven eig her?


Og her utsikt til hytteområde.


Brun vinter kan og vera fin.


Grønt og gult gras i isen.


Hytta til Lillian og Hans Moseng.


Her tek vi matpause i solveggen.


Utsikt frå hytta. Molden til v. Fjellet ovanom Ornes bakom.


Etter matpausen vandrar vi videre og passerer ei elv med is og rennande vatn.


Parti frå same elva men zooma inn.
Her er eit tre som dannar ei bru over elva.


Og avslutninga på denne turen vert eit nærbilde av
isen og vatnet over steinane i elva.


















Ingen kommentarer: