onsdag 18. november 2009

03.11.09. Tur i Gaupne, langs Jostedøla.

Tysdag 3 nov.
Vermeldinga denne dagen seier kuling og storm frå nordaust ved kysten.
Og merkeleg nok, det er faktisk bølger på fjorden og vi kjenner vinden på skrotten.
Så vi møttest som vanleg og satsa på at nordausten ikkje tek i Gaupne, langs Jostedøla.

Vi køyrer til Hagasanden og gjer oss klar til tur.
Og her er mest heilt vindstille.
Og her møter vi fleire som nyt haustveret.

Jostedalselva sett framover.


Og her sett heimover.



Stubbetroll i skogen.


Det er vel heller lite vatn i elva og difor mykje fin stein
i kontrast til det grøne vatnet.


Mange fine fargar i stein.


Her bur vel trollet?



Blanding av flat mark og knausar langs elva.


Litt av ei fjellside. Kva er stein og kva er mose her?


Merkeleg å sjå elva med så lite vatn, og med så mykje fin sand.


Kvit mose på daudt tre.
Veit ikkje namnet men på litt avstand ser det ut som rim.


Dette er Raggkjuke eller Knuskkjuke.
Det er fleire variantar av desse og ikkje godt å skilja dei.


Stamma på ei mosegrodd bjørk.


Dette er kanskje og ein Kjuke, dei er mindre og lyse så kanskje dei er yngre.
Og så er turen vår over for denne gong.















Ingen kommentarer: