søndag 25. oktober 2009

20.10.09. Tur til Midtstølen, Indre Hafslo.

Tysdag 20.10.09.
Og faktisk endå ein tysdag med nokelunde bra ver.
Har vore nattefrost, men passe varmt på dagen og heilt vindstille.
Vi møttest i Gaupne og køyrde til Høgi og gjekk på stølsveg til Midtstølen.

Vi parkerte på Høgi og starta turen med denne fine utsikten over Indre Hafslo.

Vi gjer oss klar til tur. Vi var 13 stk.

Fin traktor/bilveg som går gjennom granskog og diverse anna skog.


Her er utsikt til Gaupnefjorden,
Nes, Lusterfjorden og Feigefossen.


Og her ser vi Sjåflat og Oppheim.


Velta tre med stor rot. Inni rota ser vi ein del stein.


Is på søylene.


Her er truleg restar etter gamal bru. Vi brukte den nye lengre oppe.


Elva sett frå brua.



Langt der oppe ser vi Midtstølen.


Gamalt rote tre med mengder av sopp.


Og her nokre av soppane. Dei heiter Knuskkjuke.


Knuskkjuke på nært hald.


Og her endå fleire.


Vi kom til eit vegkryss og skilta syner at vi er på rett veg til Midtstølen.



Og her dukkar Midtstølen opp.



Vegen går videre innover til Saupesete.
Og dette byggverket kan vel kallast blekkskur.



Tid for mat og kaffi.


I matpausen kunne vi nyta utsikten til sørsida av fjorden
og Oppheimsselet attmed oss.


På heimvegen dukka denne bjørka opp.
Den har delt seg og dannar ein merkeleg formasjon.
Og dermed var det slutt på endå ein fin tur.



















Ingen kommentarer: