fredag 23. oktober 2009

13.10.09. Tur til Jerseggi.

Tysdag den 13 oktober. Kjempever, har vore nattefrost men sola varmar.
Turen for denne dagen er til Jerseggi i Fortun.
Dette er ein gard som vart fråflytta i 1967? pga ras.
Denne dagen var vi 11 personar på tur.
Vi parkerte på Vassbakken der vegen startar.
Som ein her ser er her ikkje sol i Fortun på denne tida,
men langt der oppe er Jerseggi og der skin sola.
Vi kryssa Fortunselvi på ei bru, og her ser ein framover mot Fortun.

Over brua og på veg mot målet.


Vegen er bratt og ein pustepause må vi ha.


På Øygarden var det ein gong ein støl,
no er her bok slik at alle "sprekingane" kan skrive namna sine.


Vi går framleis i skuggen men over tretoppane ser vi at sola er kommen på Fuglesteg.


No er og vi komne i sola og passerer ein "merkeleg" stein.
Den ser mest ut som ein stor trestamme.


Og her eit lite utsnitt av steinen.


Gamalt mosegrodd tre.


Og her kan vi nyte sola og varmen.


Skiltet syner at no er vi snart framme.


Husa kjem til syne. Dei er no eit sørgeleg syn,
men pga rasfare er det ikkje lov å reparere dei eller bu her.
Det er ikkje alltid så greit med data, så her kjem same bilde ein gong til.
Korleis får eg det vekk utan å slette for mykje?


Utsikten kan ein ikkje klage på.
Vi ser Fortun langt nede og Fuglesteg i sola på andre sida.


Det store raset plasserte mange store steinar nær husa.
Ikkje rart at folka her måtte flytte.


Men vi rekna med at det var trygt å ete innimellom steinane.


Nyper i tunet.


Etter matpausen vandra vi nedover att.
Her er Fortunselvi med fjella utom Skjolden i bakgrunn.



Her er Vassbakken frå ein vinkel dei fleste av oss ikkje har sett før.



Og her er vi samla ved bilane, og svert nøgde med dagens tur.




















Ingen kommentarer: