søndag 18. oktober 2009

29.09.09. Tur Solvorn- Nyre

Tysdag 29/9. Målet for denne turen var å gå frå Solvorn og utetter fjorden til Nyre.
Var noko regn om natta så vi lurde på om det vart vått og glatt.
Men det vart sol og kjempever, og for det meste bra å gå.
Der var nokre steinete og sleipe parti, som var litt trøblete, men det vart ein fin tur.


Vi parkerte på off. parkeringsplass i senrtum og starta å gå utover.
Ganske fort kom vi til brattaste partiet på heile turen.
Dette er rett opp over ein topp og så nedover att.

Og så vert det fin utsikt innover fjorden.


Desse to nausta er i Moseviki. Solvorn er inn til venstre.


Moseviki. Fin badeplass om sommaren.


I Solvorn er det bra opplegg med skilt rundt om på ulike stiar.


Utsikt innover fjorden.


Og tvers over til Ornes.


Vi gjekk gjennom parti med tett skog,
fine stiar og parti med stein og mosekledde svaberg.


Nokre tre var forma som ein "portal".
Dei har vel hatt hjelp av hjelpsame hender.


Framme på Nyre. Utsikt innover fjorden.


Og så vart det matpause ved fjorden.


Det var dårleg bet.


Utsikt frå Nyre og utover fjorden.
Etter matpausen snudde vi heimover att.

Epletre på Nyre. Epla var sure så det vart med eit forsøk.


Dette treet var kjempestort.
Målte ikkje men det var sikker mest 2 m opp til første greinene.


Og så var der ei fure med mykje sjegglav eller kva det no heitte.
( det er noko svikt med hugse av og til)


Vi er mest attende i Moseviki med nausta der. Solvorn i bakgrunn.


Fin bekk og ei bru på snei. Men den duger likevel.



Og så er vi snart attende i Solvorn.




















Ingen kommentarer: