tirsdag 25. august 2009

Tur til Bergsethbreen

Tysdag 25/8 og ny tur. Vi hadde planlagt tur til Vassdalen
men pga fare for regn og glatte svaberg, gjekk vi til Bergsethbreen i staden.
Dagen starta med lettskya ver, passe temperatur. Her startar vi frå parkeringsplassen,
vi ser mot Bergsetbreen bakerst og Vetledalsbreen til venstre
Turen går innover dalen på fin mark og grusa stiar, i lett terreng.
I starten er det ein del skog men og opnare parti.


Innimellom er det parti med myr og bekker og her er lagt ut bruer og plank til å gå på.


Det vart varmt etter kvart og jakkane måtte av.



På tur innover dalen. Til høgre skimtar vi Baklibreen.



Stien framover gjekk litt opp i dalsida og her fekk vi fin utsikt mot breen.



Og frå same staden er det og fin utssikt heimover dalen.



Stien framover dalen er veldig fin å gå på men her var eit parti som vi streva med.
Vi steig frå stein til stein og kom oss tørrskodde over.



Og vel forbikomne er jo dette eit idyllisk parti.




Her er vi snart framme ved breen, og det er slutt på skogen.
Her er meir stein og småkratt.



Her er det skilt som fortel at det medfører fare å gå lengre.


Og så kom dette bilete 2 gonger, men breen er den same.



Sidan vi ikkje kan gå lengre vert det bilete i staden.


Og mat og kaffi godt i ly bakom steinane. Det er kald trekk frå breen
og det kjendest godt når vi var så nær.


Det går mot haust.



Vi har snudd nasen heimover og breen forsvinn bak oss.


Fine tytteber, men dei er fortsatt kvite på undersida.



Det er gode vilkår for sopp i år. Veit ikkje kva denne heiter
eller om han kan etast, men den er jo fin på bilete.



Slike bruer over bekker og elvar er det fleire stader.



Fekk beskjed om at eg skulle ikkje ta bilde av slitne folk,
men desse to ser jo spreke ut så då får dei vera med.
Og her enda turen denne dagen.
Vi brukte 3 timar på turen inklusivt matpause.










Ingen kommentarer: