Den måtte me no stoppa å sjå på, og så fant me på att me skulle stikka ein stav ned i holet for å sjå kor djupt det var, og det var artig for då bobla vatnet opp,
Snart var me kommen bort til grusvegen, og fant ut att me var vorte mykje sprekare enn me var i 2007 når me starta med gåturar, den gongen tykte me det var langt nok å gå denne biten, men no vart det for kort, så me fortsette oppover til Nedreli dette er vist bruk nr.1 Garden
Der hadde dei ein fin jordkjellar som såg ut som den framleis var i bruk.
Men me ville vidare og snart var me oppe i Halveg, der vart det onna på gammalt vis med hesjer, det er ikkje så ofte ein ser lenger
No var det på tide med ein rast, og me fant oss nokre steinar og sette oss og kosa oss med mat og kaffi
Så gjekk me forbi ein gard som eg ikkje hugsar kva heiter og kunne sjå fint bort på vårstølen til dei i Åsen, der er det nok for bratt for oss å komma oss opp same kor spreke me tykkjer me er vorte.
Her ser me ned att på Sperle, og der står bilen til Torunn og ventar på att me skal komma ned att, jammen trur eg Jostedølene har sikra seg i tilfelle det vert flaum att, i alle fall står det ein båt klar langt ute på marka..............
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar