tirsdag 18. august 2009

Tur til Seljesete


Så var det tysdag att, me kjørte opp i Engadalen vidare opp på Brunen, og så tok me beina fatt.
Litt stigning var det i starten, men det gjekk bra

Det var ikkje lenge før det flata ut, fotografane var i full gang, her ser me ned på stølen Havåsen


Vidare gjekk me gjennom Trolldalen, skal tru om det er trollet sin bustad me ser her!


Eit fint lite fuglebad trefte me og på!


Så kan me sjå fram på Seljesete!!!!!!!


Der fekk me oppvartning med nykokt kaffi og framifrå god kake

Og me sette oss i solveggen og tykte livet var verd å leva,
tenk kor heldige me er som får gå slike turar..............


Frå Seljeset kunne me sjå fram på Rysete som er neste støl..........
Det var fint å sjå kyrne ligga å slappa av og sauene breka rundt oss....
Det var nett som i gamle dagar når det var liv på alle stølar.

Dei hadde vore flinke å ordna på sela sine her, og teke vare på dei gamle skåta....






So var me kommen ned att på Brunen, og me måtte ta turen bort til masta å skriva oss i boka.......

Ingen kommentarer: