onsdag 2. september 2009

1 september 09. Tur på skogsveg på Rønneid.

Ny tysdag og ny tur. Det har vore mykje regn i det siste så vi venta oss ein heller blaut dag.
Men det vart ikkje så gale, faktisk opphald ei stund, og lett regn ellers. Og når vi veit korleis veret vart seinare på dagen, med flaum i Jostedal og i Fortun og steinras og stengde vegar, så kan ikkje vi klage på turveret.

Vi starta frå Rønneid og gjekk oppover grusvegen som går til stølane.
Vi ser at skodda låg over sentrum i Gaupne
Vi var 6 spreke damer eller kjerringar på tur. Den harde kjerne som trassar all slags ver.
(Vi må skryte litt av oss sjølv.)

Dette er dagens steinbilete.
Er det sopp eller rust (jarndioksyd) som lagar den fine fargen?


Og dette er dagen for store bekker, elvar og fossefall.
Veit ikkje kva dei heiter så det er berre å nyte synet.



Dette er andre elva eller fossen vi kom til.
Her må vera utrulege krefter i sving.




Litt skodde og duskregn, og det luktar godt av mose og skog.


Same elva som i stad, men litt lengre oppe.


Elva eller fossen sett frå brua.


Og frå brua og nedover.


Restar etter tre som har velta. Reine kunstverket.



Lysning i skogen.



"Den skal tidleg krøkjast som god krok skal bli"


Rognebera fortel at det går mot haust.



Det var fleire enn oss som var ute på tur i regnet.



Og så kom vi til endå ein foss, Rikeleg med vatn her og.


Same fossen sett frå svingen.



Og så vart det matpause under grantrea.



Det var litt blaut der men kaffien smaka like godt.



På veg nedover att såg vi at det var meir skodde over Gaupne,
og den lagar ei trollsk stemning.


Og så avsluttar vi med meir landskap i skodde.




















Ingen kommentarer: