torsdag 26. september 2013

26.09.2013. Tur i Fortun, til Ormelid.

Torsdag den 26 September 2013.
Tur i Fortun, frå Fortunsdalen til Ormelid.
Perfekt haustver for dagens tur, skugge nedi dalen, rim på marka, sola skin på toppen og kjem oss i møte etter kvart som vi ruslar oppover. Her er grusveg heilt fram, noko bratt innimellom, litt bratt og flat andre stader. Spanande natur med stupbratte fjell i mange fargenyansar, skog med varierande haustfarger. Nedre Ormelid låg i skuggen då vi gjekk opp og i strålande solskin då vi gjekk nedatt.  Ormelid var målet for dagens tur, der skein sola og vi hadde ei fin stund med matpakkane våre og ein snedden kar vi fann på vegen og som fortalde om garden. 14 "spreke fruer" hadde ei fin stund på dagens tur.


































Ingen kommentarer: