torsdag 5. september 2013

06.09.2013. Tur til Saupsete på Indre Hafslo.

Torsdag den 5 September 2013.
Tur på Indre Hafslo, til stølen Saupsete.
Opp frå Høgi eller opp frå Joranger ligg Midtstølen, der er bom og parkeringsplass.
Fin grusveg videre,  ganske bratt i starten, men så flatar den meir ut og er litt opp og ned videre.
 Mest oppe, utsikt nedover svingane me har gått, Molden bakom til venstre
og lengre bak kan me skimta Lustrafjorden. 
 Og heilt oppe så kjem utsikten mot fjella framover mot Jostedalen.



 Retning mot Saupsete, fjella bakom er visst Skogafjellet.

 Saupsete.
 Også dette er på Saupsete.
 På heimveg har vi retning mot Slettafjellet og stølane der omkring.
Lengst til venstre ligg Rydalen og så Rysete og Seljesete mot høgre.
 Rydalen
 Seljesete
 Trollsete, nedlagt støl bortom Saupsete. Her er berre løa att.
 Ypperleg turterreng og fin veg.
 Ein kan lett gå i surr i himmelretningane når ein kjem på framande stader, og slik sett var det jo uventa at Hurrungane dukka fram. Men dei har vel alltid vore nett der, så då så.
 Høgste punktet på vegen, utsikt mot Gaupnesida
 Og vegen nedover mot Indre Hafslo.
Og så ber det nedover Bakkane att.

Ingen kommentarer: