torsdag 12. september 2013

12-09-2013. Tur i Jostedal, Fagredalen til Holmavatnet.

Torsdag den 12 September.
Tur i Jostedal, i Fagredalen til Holmavatnet.
Ein utruleg fin haustdag, varmt, sol og mest vindstille.
Fagradalen ligg høgt til fjells og naturen er deretter. Holmavatnet ligg på 1300 m.o.h etter det kartet eg fann. Oppover heile dalen er det mykje stein, noko haustfarga lyng, nokre bekker, små vatn, fuglar som skrik oppi fjellsida og livredde lemmen som prøver å gøyma seg som best dei kan. Der er ganske bra sti og eit par urar oppover, i dag var det tørt og fint å gå.
 









 Eit høgdepunkt på turen er å komma opp til vatnet.



 Ser ut til å vera veg ned til vatnet-
 men her gøymer det seg ei dyrefelle. Var vel reinsdyr som vart lurde nedi her.
 Holmavatnet.




Ingen kommentarer: