tirsdag 28. juni 2011

28.06.2011 Tur til Fossen på Hafslo

Tysdag 28.06.2011.

Tur på Hafslo, frå Rupheim til Håvarsete og Fossen.

Dette vart dagen med regn og skodde, og tre spreke damer på tur.

Grusveg er fint underlag i regnver.
Tytteberblomst.



Stølen Håvarsete.



Eit slik lite bygg er eit "must" på kvar ein støl, og dette har fått ei strategisk plasering.



Denne heitte tettegras. Nydeleg blom som har blad i ein rosett i botn og lang tynn stilk.



Stein på ca. 2x6 m. kløyvd på langs tvers gjennom. Merkeleg?



Stølen på Fossen dukkar opp i skodda.


Mykje vatn i denne fossen.


Og vatnet renn nedover marka nedom brua.



Fossen i skoddelandskap.



Ei padde eller ein frosk?


Etter matpausen var skodda sokke ned mot Veitastrandsvatnet, skyene letta og vi var midt mellom. Bakom husa på Fossen og skodda ligg Yngsdalen.

Vi starta på vegen attende til Rupheim.


På marka ligg nokre skikkeleg store steinar, her kan ein krype inn under.



Fint fossefall, her i veggrøfti.



Attende til Håvarsete. Stølen ligg oppe til venstre med markene nedom.


Denne finn eg ikkje i blomsterboka mi, kva heitte den?


Denne heitte Harerug. Nydeleg urt med jordstengel som kan etast.


Og kva er dette?



Nedover mot Rupheim. Bakom er Fevoll og Mollandsmarki til venstre og Storhaugen bakerst.



Ei mark full av fin , gul smørblomst vart avslutninga på denne turen.




Ingen kommentarer: