tirsdag 21. juni 2011

21.06.2011. Tur til Svolsete

Tysdag den 21. juni 2011.

Målet for turen i dag var å gå den vegen som vert nytta til motbakkeløpet Molden opp.

Dette løpet startar frå Marifjøra. Vi korta ned litt og køyrde bil til Sviggaplassane.

Vi starta med håp om å gå til Svolsete, evt berre til Steinkveane. Veret var supert og motet på topp, og av 12 stk som starta på turen gjekk 4 til Molden og oss andre til Svolsete.

Der vi parkerte var noko forbi skiltet som synte ein km. frå Marifjøra,

og etter ei stund kom vi til 2 km og høgd 187 moh.
Og så vart det fin utsikt mot Gaupne.



Spreke damer på tur opp bakkane.



Kvilesteinen måtte prøvast.



Utvekst eller vriknute? Er det desse som vert til fine skåler og fat?



Pust i bakken, det vart litt bratt sume stader.



Kjerringabøkset. Kvifor eit slikt namn? Var det berre kjerringane som bøkste her?



Her er provet på at her er bratt. stigning på 293 høgdemeter på ein km. sti.


Her på Steinkveane, 530 m.o.h. er det fin rasteplass.

Bord og benker og utsikt mot Skjolden.


Godt skilta, her går ein ikkje feil.


Gamal furuskog.


Mot Feigefossen.


Etter matpause på Steinkveane gjekk vi videre oppover.

Terrenget flata meir ut og her er stigninga "berre" 170 m på ein km.



Vi skimtar Svolsete med Hafslo og Hafslovatnet i bakgrunn.



Skogstjerne.



Del av område på Svolsete med Molden mot toppen bakom.



Og snur ein seg andre vegen så ligg fjellet Hest langt bak.



Svolsete er eit fint, nokså flatt stølsområde.

Her er retninga innover mot Gaupne og fjella omkring.


Gamal bygning og utsikt mot Hafslo.



Skilta på Svolsete.



Murar etter bygningar.


Også her er det fin rasteplass.


Kanskje det vert ber til hausten. Vi seier ikkje noko om kvar desse er.



Vi såg ikkje mykje vatn, men her kom vi til eit i miniformat.


Og her er det snart slutt på turen. Indre Hafslo i bakgrunn.





Ingen kommentarer: