tirsdag 14. juni 2011

14 juni 2011. Tur til Fuglesteg

Tysdag den 14.06.2011.

Tur til Vetlåsen og Fuglesteg.

Dagen starta med litt tvilsomt ver. Det har vore rikelege mengder nedbør i det siste

og det såg ut til at det ville komma meir. Men veret vart ganske bra, vi drog av stad,

dei fleste gjekk heilt opp og nokre få inklusivt undertegna stopp på Vetlåsen.

Sidan fotoapparatet ikkje kom heilt opp har vi lånt foto frå ein tidlegare tur.

Vi har vore på tur til Fuglesteg for 2-3 år sidan og turen er på bloggen.

På bilete her er Fuglesteg.

Og her er Vetlåsen der somme av oss stranda.

Dette bilete er og frå ein tidlegare tur.


Dagens tur starta i Fortun, her er utsikta utover.


Det går oppover.


Innover Fortunsdalen.


Og utsikt utover mot Skjolden .


På vegen oppover var det mykje fint å sjå,

steinar td. kan ha utrulege fargar og formasjonar på 2-4 cm avstand.



Meir stein.



Og endå meir stein. Er kanskje mose som lagar desse fine fargane.




Smørblomst.


Har ikkje funne namn på denne. Hjelp!!




På veg nedover att kjem vi til denne steinen

. Den er stor, og innhola, plass til eit par personar innunder.

Og oppe på steinen er det nokre merkelege hull. Er det isen som har forma alt dette?


Hola under steinen.

Parti frå vegen nett nedom Vetlåsen.

Her er bratt fjellside oppom vegen og mest like bratt på nedsida.



Mor og son?



Og så litt meir stein.


Og endå meir stein.
Så dersom nokon lurer på om enkelte er steingalne så er beviset her.


Denne stilte villig opp til fotografering.


Og resten av flokken ville og vera med.


Vi gjekk køyrevegen nederst og då vart utsikta utover litt annaleis.


Og til slutt klatresteinen i Fortun.

Etter oppryddinga rundt denne steinen kom det fram eit gamalt hus.





Ingen kommentarer: