tirsdag 3. mai 2011

03.05.2011 Solvorn -Setålen


Også denne tysdagen kom med sol og flott vær.
15 glade damer samla seg i storesvingen ned mot Solvorn og var klare for tur!




KVITE SKO !!!!!
er det tingen i vårløysinga? litt blaut enkelte plassar, men det gjer ingen ting.



Sjå på den utsikta

Best å sjå litt kor ein går og, me vil ikkje ha noko knall og fall

Men stopp for å fotografera må til

Ein hard oppvekst har vist dette treet hatt.

Mykje fint rennande vatn


Og så måtte me no beundra utsikta bort på Fevoll, der både me og Oppdrag Sognefjord har vore

På avstand gjennom skogen såg denne steinen ut som eit møne , og me trudde no er me på Setålen, men deg gang ei, men ein artig stein var det no.

Men so såg me ein mur, og kansje er det her....

Nokon har myst trøsta si og.....

Så var vi på Setålen


Her var det mange valg....

Postkasse var det og, og sjølvsagt måtte me skriva oss inn der....

her vart det kaffirast, og meir fotografering
Me ser Hafslovatnet

Fjorden innover til Kroken og Mollandsmarki



Så var det på tide å ta beina fatt på nedstiginga, me tok ein annan veg nedatt



Her var det mange steinmurar

Og digre einar


Litt ride ranke vart det og


Raude merker var det, så me var nok på rett veg.

Ingen kommentarer: