tirsdag 26. april 2011

26.04.2011 Tur på Skjolden

Ny fin tysdag og vi er klar for tur.

Vi samlast på Skjolden, ved fotballbana og badeplassen.

Vi startar med å beundre utsikten ut Lusterfjorden med Molden i bakgrunn.
Vi skal gå innover mot Mørkridsdalen, på vestsida av elva.
Her er det fin grusveg frå fotballbana eller frå Hauge og langt innover.


Hauge mot fjorden.



Mørkridsdalselva, Bolstad og Bolstadnosi.


Har nokon bomma på høgdemålinga?



Elva sett framover.



Elva sett heimover.




Ein gamal bygning dukkar fram.



Eit kvernhus.



Inni kvernhuset er det kvernsteinar og anna.

Sikkert lenge sidan det er brukt, men bør kanskje restaurerast.



Vetlahuset i skogen.



Og eit fint lite tømra hus,

er det ei hytte eller kva har eller vert dette nytta til?



Går ein videre framover her kjem ein til Kreken,

men vi tok ein tur opp bakkane.



På andre sida av elva ligg Skåri og Rebni litt lengre oppe.




Oppi bakkane vart det fin utsikt. Her ser vi korleis elva svingar seg i terrenget,

vi ser noko av Skjolden, over Eidsvatnet og innover.





Det var og fin utsikt mot fjorden.



Bolstad.

Eit tettbygd strøk på Skjolden.



Frå denne vinkelen ser det ganske tettbygd ut her og, men veit ikkje kva område heitter.

Kanskje dette og heitte Bolstad?



Og dersom nokon har ein skrue laus så er her hjelp å få.



Ein pensjonist.



Vi nermar oss slutten på turen, Molden dukkar opp i bakgrunn.



Avslappa liv på ein sandbanke utanom elveosen.



Og desse nyt sola på ein stein.















Ingen kommentarer: