tirsdag 24. mai 2011

24.05.11 Tur til Øygarden.

Tysdag den 24 Mai.

Tur til Øygarden.

Dagen starta med dårleg vermelding. På God morgen Norge var den mørkaste skya i heile Norge plassert rett over Luster. Dette var altså dagen der godstolen heime drog mest like mykje som gåtur ute. Men tysdagveret fornekta seg ikkje, veret vart bra, berre litt regn innimellom.

Så tur vart det for ein kar og 8 kjerringar.



På sørsida av Lusterfjorden, mellom Skjolden og Sørheim,

er ein av våre mektige fossar, og på flata under skimtar vi Øygarden
Frå sørsida ser vi at det bles liten kuling ved Havellefyret.



Og her er nokre av gjengen som gjer seg klar til tur.


Vi starta turen frå Alme. Her startar grusvegen oppover til Øygarden.



Alme med Mordølefossen i bakgrunn. Her møtte vi to fine harar.

Dei hadde det svært travelt, så noko fotosession vart det ikkje.



Fin veg å gå oppover. Litt bratt nokre stader og mest flat innimellom.



Nokre stader kjem ein ganske nær Mordøla.

Rikeleg med vatn på slik ein dag.



Nokre stader på vegen har ein god utsikt til fossen.




Utsikt mot Skjolden frå eine svingen.




Og mot fossen frå same svingen.




Etter ca ein time gange kom vi til Øygarden .



Her er utsikt ut fjorden til Ottane og Luster.



Ottane, eller det heitte vel Ottum.




Stovehus på Øygarden. Garden her vart fråflytta ca 1960.



Det er restar etter fleire bygningar her, fjøs og ein eller to bygningar til.
Det er no planar om å bygge opp ny aktivitet her.



Skjolden sett frå Øygarden.




Blåfiol.



Dagens belønning, kaffi og mat.



Frå Øygarden går det veg oppover til Hovden.




På heimtur. Vegen svingar seg nedover.

No kom regnet og vi var fornøgde med ein fin tur.

Ingen kommentarer: