onsdag 13. april 2011

12.04.11. Tur på Mollandsmarki

Tur nr 2 denne sesongen gjekk til Mollandsmarki. Dagen starta med regn og drittver.

Det er likevel noko ekstra med tysdagar, så skyene forsvann smått om senn,

sola dukka fram og det vart reine påskestemninga.

Vi starta på Molland, og her er det fin utsikt utover fjorden.

Og rikeleg med snø.


Husa her ser ut som dei ligg heilt på kanten, men det er nok eit bedrag. I bakgrunn ser vi Urnes.
Garden nermast her er Molland og bakom ruvar Molden


Passasjerbåten kryssar fjorden til Urnes, ferja er på årleg vedlikehald.


Kvernhuset på Sie.


Snøsmeltinga er godt i gong, her er rikeleg med vatn.

Men det ser ut som vatnet kjem rett ut or snøen og forsvinn under snøen att.
Påskestemning og perfekt turver.
Heitte det Øygarden her tru?
Snøsmeltinga vert til vatn, om nokre veker er det vel paddesesong her.
Nedi ei grøft ved vegen.
Hafslovatnet. Isen smeltar.
Fevoll. Her endar vegen, vi hadde tenkt oss ned på ein mur nedom husa

men det var litt mykje snø og vi hadde låge sko.
Maurtue dukka fram or snøen.
Er denne ferdig med vinterjobbinga?
På vandring heimover.
Molden til venstre og Krokafjella til høgre.
Og her ser me Kroken på andre sida av fjorden.
Eit siste glimt av fjorden og Urnes

Ingen kommentarer: