søndag 25. oktober 2009

20.10.09. Tur til Midtstølen, Indre Hafslo.

Tysdag 20.10.09.
Og faktisk endå ein tysdag med nokelunde bra ver.
Har vore nattefrost, men passe varmt på dagen og heilt vindstille.
Vi møttest i Gaupne og køyrde til Høgi og gjekk på stølsveg til Midtstølen.

Vi parkerte på Høgi og starta turen med denne fine utsikten over Indre Hafslo.

Vi gjer oss klar til tur. Vi var 13 stk.

Fin traktor/bilveg som går gjennom granskog og diverse anna skog.


Her er utsikt til Gaupnefjorden,
Nes, Lusterfjorden og Feigefossen.


Og her ser vi Sjåflat og Oppheim.


Velta tre med stor rot. Inni rota ser vi ein del stein.


Is på søylene.


Her er truleg restar etter gamal bru. Vi brukte den nye lengre oppe.


Elva sett frå brua.



Langt der oppe ser vi Midtstølen.


Gamalt rote tre med mengder av sopp.


Og her nokre av soppane. Dei heiter Knuskkjuke.


Knuskkjuke på nært hald.


Og her endå fleire.


Vi kom til eit vegkryss og skilta syner at vi er på rett veg til Midtstølen.



Og her dukkar Midtstølen opp.



Vegen går videre innover til Saupesete.
Og dette byggverket kan vel kallast blekkskur.



Tid for mat og kaffi.


I matpausen kunne vi nyta utsikten til sørsida av fjorden
og Oppheimsselet attmed oss.


På heimvegen dukka denne bjørka opp.
Den har delt seg og dannar ein merkeleg formasjon.
Og dermed var det slutt på endå ein fin tur.



















fredag 23. oktober 2009

13.10.09. Tur til Jerseggi.

Tysdag den 13 oktober. Kjempever, har vore nattefrost men sola varmar.
Turen for denne dagen er til Jerseggi i Fortun.
Dette er ein gard som vart fråflytta i 1967? pga ras.
Denne dagen var vi 11 personar på tur.
Vi parkerte på Vassbakken der vegen startar.
Som ein her ser er her ikkje sol i Fortun på denne tida,
men langt der oppe er Jerseggi og der skin sola.
Vi kryssa Fortunselvi på ei bru, og her ser ein framover mot Fortun.

Over brua og på veg mot målet.


Vegen er bratt og ein pustepause må vi ha.


På Øygarden var det ein gong ein støl,
no er her bok slik at alle "sprekingane" kan skrive namna sine.


Vi går framleis i skuggen men over tretoppane ser vi at sola er kommen på Fuglesteg.


No er og vi komne i sola og passerer ein "merkeleg" stein.
Den ser mest ut som ein stor trestamme.


Og her eit lite utsnitt av steinen.


Gamalt mosegrodd tre.


Og her kan vi nyte sola og varmen.


Skiltet syner at no er vi snart framme.


Husa kjem til syne. Dei er no eit sørgeleg syn,
men pga rasfare er det ikkje lov å reparere dei eller bu her.
Det er ikkje alltid så greit med data, så her kjem same bilde ein gong til.
Korleis får eg det vekk utan å slette for mykje?


Utsikten kan ein ikkje klage på.
Vi ser Fortun langt nede og Fuglesteg i sola på andre sida.


Det store raset plasserte mange store steinar nær husa.
Ikkje rart at folka her måtte flytte.


Men vi rekna med at det var trygt å ete innimellom steinane.


Nyper i tunet.


Etter matpausen vandra vi nedover att.
Her er Fortunselvi med fjella utom Skjolden i bakgrunn.



Her er Vassbakken frå ein vinkel dei fleste av oss ikkje har sett før.



Og her er vi samla ved bilane, og svert nøgde med dagens tur.




















søndag 18. oktober 2009

06.10.09 Tur til Berge i Luster

Tysdag 6/10. Tur til Berge i Luster.
No i kveld er ikkje dataen og eg heilt samstemde, så denna greiå med tastar og mus
sko hatt ein omgang med service, trur eg.
Så altså, det vart ikkje så mange bilde som planlagt.
Men vi var på tur. Hadde planlagt å gå på Sørheim, til Lambamyri,
men det vart regn og skodde så det vart Berge i staden.

Vi start på Kvåle i Luster og gjekk opp gamle vegen.

Det er ganske bratt oppover første bakkane.

Innimellom skogen er det utsikt til Luster og fjorden.


Det vart ikkje så mykje regn likevel så det vart varmt og kle måtte av.



Pustepause i eit flatare parti.


Og snart vert det pause for desse og.


Denne knuten kan vel brukast til noko kunstnerisk.


Videre oppover ber det.

Typisk haustver med skodde over fjorden.

Og så kjem vi opp til Berge.


Og her den andre garden. Her bur ikkje folk lengre.


Vi fann eit redskapshus med opne dørar, så det vart matpause under tak.
Så Magnar du får ha takk for lånet.


Etter pausen gjekk vi videre nedover nye vegen.
Skodda ligg oppi fjellsidene så ein kan nett skimte Harastølen.


Utsikt ned til Luster.


Og framover Dalsdalen og Åsen.


Vegen går langs eit fjellparti.


Og her er hyttedraumen og det enkle gode liv.


Gamalt og mosegrodd tre.
Og dette var siste bilde frå denne turen.