tirsdag 30. juni 2009

Tur mot Nigardsbreen.

Og så er det alt tysdag, og vi er på tur i Jostedal.
Denne gongen går vi på stien frå bommen og mot Nigardsbreen.
Det var lett duskregn då vi starta men etter litt kom sola fram.
( eit lite tips til dei som ikkje kan alt om data. Dersom du vil sjå bileta i større format, set pila i bilete og venstreklikk. Tilbake til bloggen, klikk pil tilbake.)
Her er fint terreng å gå i. Små bakkar opp og ned,
litt steinete, men mykje flatt innimellom.
Stien går over ein morenerygg.

Dette er vel og ein morenerygg som isen har forma ein gong i tida.
På Nigardsgrandane er det mange slike.


Ein liten drikkepause på vegen.



Etter ein periode med ganske ope terreng var vi brott inni tett lauvskog.
Stor variasjon.


Denne steinen og 2-3 andre kom ned med ei skree for nokre få år sidan.
Litt av ein rugg. Han vert vel verande her ei stund.


Kom han ned der, tru?


Og så ein nærare studie av kjempa.


Og så ein bjørkestamme på nært hald.



Fleire stader var det mykje tiriltunge. Dei lyser fint opp i landskapet.


Stien går og over denne ryggen.



Vi såg fleire planter som vi ikkje kjende. så vel heimkommen var det berre
å leite fram blomsterboka og studere.
Trur denne heiter Nikkevintergrønn.

Vi kom inn på bilvegen og er snart framme på parkeringsplassen.
Nigardsbreen og vatnet i bakgrunn.


Og i vegkanten var det endå ein plante vi ikkje kjende til.
Det seier kanskje meir om oss enn om planta men trur den heiter Engmarihånd.


Og så fann vi ein vakker bekk attmed vegen her og.
Nydelege fargar.


Og her er Nigardsbreen og vatnet slik vi kjenner det frå mange bilete.
Vi brukte 1 og 3/4 time på vandringa hit, så ingen gjekk videre til breen.

Framme ved målet, mat og kaffi, kvile for føttene.


Og resten av gjengen.


På heimvegen dukka det opp endå fleire blomar,
og denne heiter kanskje vanleg nattfiol.

Denne fann vi berre eit eksemplar av.
Den heiter truleg Flekkmarihånd

Elva er grågrøn og stri.

Heiter denne Turk?


Asfalten er ingen trygg stad for denne vetle krabaten
så vi skubba han uti grøfta.


Og så er vi attende til bilane og ein liten pust i bakken før vi dreg heimover.
























1 kommentar:

Bente Helene sa...

Flotte bilete av fantastiske blomar - ein fryd for auga :-)