tirsdag 16. juni 2009

Hjortastein i lag med LHL

Denne turen var me inviterte med LHL som skulle ha tur til Hjortastein.
Me skulle møtast på gjerdet til Johannes Melheim, der han tok mot oss og fortalde historien til stølane der omkring.

Det vart ein heil tilhøyrarskare, det skulle vist vera 23 stk. som var med på denne turen


Selet hans Johannes hadde vore mjølkemottak og meieri først på 1900 talet. det var ein danske Willy Mortenson som var mejerist her fram til 1.7.1923

Her går det mykje ost oppi...........

Ei skikkelig "kjidna" var det her ........

Og seperatoren var på plass...........

Så var det til å ta beina fatt, og starta på oppstigningen........Johannes var kjentmann og leda oss på rett kjøl

Ei imponerande fura møtte me på............

Men det ser ut til att ho har hatt ein vanskeleg oppvekst, det er vist mykje snø her om vinteren

oppover og oppover går det........

Og utsikten nedover er fin her ser me det nye hyttefeltet

Men me kan ikkje berre nyta utsikten, me må vidare......

Kjellfred passar på att alle vert med.........

Her er me kommen til ein gammal stølsbø, Det var vist Solvorningane som hadde stølsrett her, men eg har klart å rota vekk lappen eg skreiv på, så dette her vert etter hukse og då kan det verta så mangt, er det nokon der ute som huksar berdre, eller kjenner historien så ta kontakt med Astrid, så skal det komma på plass.


Hedlene til tak på sela skulle vera kommen frå andre sia av dalen der det var eit hedleberg, der skulle huldrene ha sin bupel og vart det sagt, midt i berget kunne ein sjå ei hedla som sto på høgkant som ei dør, det var inngangen deira,


Etter att Johannes hadde fortalt oss mykje om denne stølen måtte me ha oss eim matabete og ein kaffiskvett........


Etter kaffien var det berre til å sela på att og starta på nye bakkar med godt mot....


Og før me viste ordet av det var me kommen opp i snøen......


Blautt vart det og etter kvart der snøen hadde smelta............
Ein og annan "Plopp" i myra vart det og

Men snø og bløyta skremmer ikkje oss, me vandra vidare med friskt mot........




Kjelfred passa på att damene kom trygt over "breen"
So var det ein liten rast att,denne gongen spanderte Grethe sjokoladekarameller på oss..

Og då vart me spreke som berre det ,og vidare bar det

Og sjå der.............Hjortastein i syne..

Merkeleg med ein einsleg så stor stein midt oppe på fjellet...........

Me måtte gå rundt han og beundra den i frå alle kantar, og ikkje minst den fine utsikten.....her ser me Nes ........Feigefossen..............og kem veit kva fjell me ser her, men det er langt av lei...

Engadalen såg me og

Fotoapparata var flittig nytta.........

Så var det nedover, og her gjekk det verkeleg nedover..........
Men alle kom seg ned i god behold.................

Og så var det belønningen...........på hytta til Kjellfred og Ingrid fekk me kaffi og hedlekaker med heimalaga jordbærsyltetøy og rømme.........

Ingen kommentarer: