
Så var bilane parkerte, me delte oss i to , nokon gjekk grusvegen og nokon skulle ta snøggvegen oppover , og det var her eg gjekk og tok bilder, om det var snøggveg eller det var me som gjekk for seint veit eg ikkje , men dei som gjekk grusvegen kom først opp.
Og før me viste ordet av det såg me Fossen....
Me var heldige og hadde Jorlaug med oss, ho kunne fortelja oss historien til fellesstølen som var her, det heile starta på 1960 talet med 2budeier og 90til 95 kyr. Mjølka vart lagra i store tankar her oppe , og når mjølkebilen kom nede på Veitastrondsvegen, vart mjølka send nedover det bratte berget i ein slange, og fylt på bilen, dette gjekk vist svært so bra, so vidt ho viste hadde det berre skjedd eit uhell, men då vart vist Veitastrondsvatnet kvitt.
Når slangen ikkje var i bruk til mjølkelevering var det rennande vatn i den frå bekken som rann rett ved sela.
Jorlaug var budeie her fleire år på 80 talet , ho og ungane styrte då stølen med ca 75 kyr,
Her ser me bort på andre sia av Veitastrondsvatnet til gardane i Hola det var to gardar der, og Jorlaug er oppvaksen der, det var nok eit heilt anna liv enn det me lever i dag, berre tenk ned den bratte lia og i båt eller på isen om vinteren for å komma på skulen. ........
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar