tirsdag 24. mai 2011

24.05.11 Tur til Øygarden.

Tysdag den 24 Mai.

Tur til Øygarden.

Dagen starta med dårleg vermelding. På God morgen Norge var den mørkaste skya i heile Norge plassert rett over Luster. Dette var altså dagen der godstolen heime drog mest like mykje som gåtur ute. Men tysdagveret fornekta seg ikkje, veret vart bra, berre litt regn innimellom.

Så tur vart det for ein kar og 8 kjerringar.



På sørsida av Lusterfjorden, mellom Skjolden og Sørheim,

er ein av våre mektige fossar, og på flata under skimtar vi Øygarden
Frå sørsida ser vi at det bles liten kuling ved Havellefyret.



Og her er nokre av gjengen som gjer seg klar til tur.


Vi starta turen frå Alme. Her startar grusvegen oppover til Øygarden.



Alme med Mordølefossen i bakgrunn. Her møtte vi to fine harar.

Dei hadde det svært travelt, så noko fotosession vart det ikkje.



Fin veg å gå oppover. Litt bratt nokre stader og mest flat innimellom.



Nokre stader kjem ein ganske nær Mordøla.

Rikeleg med vatn på slik ein dag.



Nokre stader på vegen har ein god utsikt til fossen.




Utsikt mot Skjolden frå eine svingen.




Og mot fossen frå same svingen.




Etter ca ein time gange kom vi til Øygarden .



Her er utsikt ut fjorden til Ottane og Luster.



Ottane, eller det heitte vel Ottum.




Stovehus på Øygarden. Garden her vart fråflytta ca 1960.



Det er restar etter fleire bygningar her, fjøs og ein eller to bygningar til.
Det er no planar om å bygge opp ny aktivitet her.



Skjolden sett frå Øygarden.




Blåfiol.



Dagens belønning, kaffi og mat.



Frå Øygarden går det veg oppover til Hovden.




På heimtur. Vegen svingar seg nedover.

No kom regnet og vi var fornøgde med ein fin tur.

tirsdag 10. mai 2011

10.05.11 Fet kyrkje- Tørvi -Øvre Joranger - Løslette - Fet kyrkje


Denne tysdagen regna det godt når me vakna, men heldigvis sto værgudane oss bi og det vart opphaldsvær mest heile turen.
8 damer starta med godt mot på fin grusveg,

Men det var ikkje langt før me kom på ein gammal grasveg



Opp i garnskogen bar det, og me fekk sjå att det var mykje nye skudd på grana , og det raude må vel vera nye kongler


Fin og lett veg var det her




Men så kom me til eit kryss, det var forslag om å ta den lettaste vegen, men vegvisaren vår sa me måtte nok ta den tyngste


Så då var det berre å ta fatt på den bratte bakken

Pausar måtte til for å sjå på den flotte utskiten


tre som sikkert har vore "laua " ein gong i tida

Å sjå på denne knuten på bjørka! her ser eg ei ugle med nebb og to auger.......kva ser du?

På andre sia var det meir usikkert kva det var !

"Tjuke" kallar nokon denne ...er det fleire navn

Her må det vera snøen som har brote dette treet ned !

Så var me med eit nytt vegskille, me har nett passert Tørvi og her har me vore før!

Den gongen gjekk me opp her og kom på Høgi

No går me motsatt veg, for å komma bort på Øvre Joranger

Me måtte no stoppa litt for å sjå på den fine groi !

Fin utsikt er det no over alt


Skal me ta bussen, men me tok ikkje sjangsen , han har nok ikkje gått på nokre år denna her

Fine hestar låg og kosa seg

Og då måtte me ha oss ein rast med kaffi og nista

her har vist bileta stokka seg litt , men groi er no like fin for det

Kva har de her å gjera, seier sauene når me vandrar ned markene på Einargarden

So var me nede på asfalten eit lite stykke

her var og mange fine blomstrar å sjå.

Fiol


Kjerringrokk, kansje ikkje blomster, me viktig nok

Dag og natt

Å kva var det no denne heite

Marikåpe





So var det opp Løsletti og tilbake til start

der Jorunn var så heldig og fekk ein "suss" på handa