tirsdag 15. juni 2010

15.06.10 Mollandsmarki Krossen - Siestølen

Denne tysdagen var det Mollandsmarki som sto for tur,

Me starta frå Krossen i sol og finvær, Annemor var kjentmann

og kunne fortelja oss mykje.


Og alle stilte opp for å høyra kva ho hadde å seia.

Her trefte me på beitande kyr, eller det var vel helst kalvar,

Me lurte på om dette var ein moderne kalv med piercing,

men det skulle vist vera for att han ikkje skulle få dia mora.


Her var det bok å skriva seg i,så då vart det ein stopp,

og litt kos med dei firbeinte


No har karane og fått opp augene for gaoturane våre

Utsikt var det her og,
og snart var me framme på Siestølen


Der vart det kaffi og mat,
og me kunne slappa av og nyta den fine utsikten


Men me måtte ta på heimveg att, og no ville kyene ta seg ein tur på Siestølen


Snart var me til vegs endes for denne gongen og.