fredag 11. juni 2010

01.06.10. Tur til Furåsen i Fortun

Dagen starta med strålande sol og vi køyrde til Fortun.
Målet for dagens tur var Furåsen, ein høgdegard som ligg mellom Fortun og Skjolden.
For å komma dit nyttar ein same vegen som til Fuglesteg,
men på Vetlåsen deler vegen seg, opp til Fuglesteg og utover til Furåsen.
Vi starta å gå oppover ein bratt bakke og her skimtar vi Furåsen
langt oppe på den flate "hylla" der sola skin.
Etter ei stund får vi fin utsikt innover Fortunsdalen.

Og også utover mot Skjolden.
Det var sterkt sollys og vanskeleg å fotografere,
men har ein kamera med innstilling for solnedgang vert det grønt og fint.


Blå fioler langs vegen.


Og gule fioler.



På Vetlåsen var det tid for drikkepause, både på opptur og på nedturen.
Her var det bok til å skrive seg inn i også.




På vegen videre kom vi til brua over elva.



Ikkje rart med rekkverk her, og det er landt ned til elva.



Elva som fer ned under brua.



I hamrane ovanom brua fann vi rosenrot.
Dette skal vera ei helsebringande plante.



I grøftekanten vaks denne fine planta. Bladene minner om vannliljer, men er vel 2-4 cm i diameter, og veks ikkje i vatn. Har ikkje funne ut kva den heiter.



Vegen går oppover i frodig skog.



Og etter vel 2 timar kom vi opp til garden i Furåsen.
Den ligg på ei ganske stor flate og var nok ein gong ein god gard,
men etter dagens krav til kommunikasjon vert det for langt frå folk.
Ranveig og Knut Furås med 7 born budde her i mange år.
Dette var barndomsheimen til ho svigermor Kari.


Husa frå ein anna kant. Eg trur det er Bolstadnosi bakom
og fjella inn mot Mørkridsdalen lengst bak.



Og her er skogen og fjellet bakom garden.



Og så er det elv og fossefall også her.
Namnet veit eg ikkje, men finn det vel ut ein dag.



Matøkt må ein ha. Her var det tidlegare fin utsikt utover mot Skjolden og Lusterfjorden,
men no er skogen vakse opp og skjuler det meste.



Fuglesteg er næraste "nabo" til Furåsen og ligg på fjellhylla bak til høgre i biletet.



Og slik vert Fuglesteg sett frå Furåsen når ein zoomar inn.



Og på vegen ned att vart det på ny utsikt innover dalen.
Her ser ein område på Skagen, Hesthagen og innover.




















Ingen kommentarer: