søndag 13. juni 2010

08.06.10. Tur Skildheim-Jung i Luster

Ny tysdag og ny tur. Denne dagen skal vi gå frå Skildheim i Luster

til Jung som ligg nedanom Harastølen.

Veret er fint (det er jo tysdag) lettskya og varmt.

Har høyrt av kyndige folk at dette er ein tur som egna seg godt for oss

med litt trøblete hofter og kne, og litt pust og pes.



Vi møttest på Skildheim og her ser vi innover fjorden mot Skjolden.



Vi var 25 glade vandrarar klar til tur.


Vi forventa ein lett tur, men det var meir bakkar enn vi trudde.

Her går vi i flokk å følge, dette er god trim og hjelper på kondisen (trur vi).



Etter ei stund kom vi til løa på Skildheimsgjerde.




Og så må vi ta med litt frå vår vakre fauna.

Dette er bekkeblom.


Skildheimsgjerde er ei nokså flat, fin slåttemark.

Vi ser innover mot Skjolden bakom tretoppane.




Gamal furuskog.



Over tretoppane skimtar vi fjorden og Sørheim bakom.



Skogsstjerne og blåberlyng i blomstring.



Etter ei stund kom vi fram til lysløypa på Jung.

Dette er løypa Luster Idrettslag bygde i lag med Harastølen då denne var Psykiatrisk inst.




Her fann vi sitjeplassar til alle og det vart matøkt.

Etterpå gjekk nokre litt lengre innover og andre snudde og starta på heimturen.



Gamal furu også her.



Vegen gjekk i svingar oppover ( og nedover att).

Her var det utsikt innover.



Dette skal verta rogneber. Ser ut til å verta ein bra haust.




Og så kom vi nedover slik at vi såg fjorden

med Fladhammarskjeret langt der nede.



Og til slutt eit nærbilde av skjeret.

Litt annaleis enn det vi ser når vi fer forbi i bil.

Men bilete av skjeret i den grøne Lustrafjorden skapar fin sommarstemning.

















Ingen kommentarer: