tirsdag 31. august 2010

24.08.2010 Geisdalen


Denne tysdagen var det Vassdalen som sto på programmet, men det regna frå morgonen av og det vart bestemt att me skulle gå i Geisdalen i staden, gjera eit byte. så me starta i Myri der vegen deler seg ein går til Fagredalen og ein til Geisdalen. gjekk på fin grusveg opp og innover dalen

På stølen Geisdalen var det kyr som beita


Så var me ved vegens ende, det bles og var litt surt så me snudde og gjekk litt ned att i dalen for å finna ein lunare plass og nyta kaffien vår


Fin natur og mykje bær var det , så det vart mange stopp for å fylla på med antioksydander




Dei firbeinte lurte nok på kva me gjorde her, og på deira etterlatenskaper vaks de sopp, den fekk god næring


Så fann me oss ein lun plass og kaffien kom fram, og i dag var me heldige Ivar var med oss og han fortalde mykje intressant om Jostedalsutbygginga og alle tunellane som er under bakken her



Så var det heimveg, forbi Geisdalsstølen enno ein gong, no lettare i været


Her ser me framover i Krundalen


Så var me ved bilane att, og alle var vel fornøyd med denne turen og

Ingen kommentarer: