søndag 22. august 2010

17.08.10 Berdalsfjellet


Når me sto opp om morgonen denne tysdage regna det som himmelen var open, men tur ville me på i alle fall 6 stykker, og innan me var komne opp på Berdalsfjellet var det slutt på regnet.

Nokre skoddedottar låg det no hist ig pist, men det var ikkje vind eller regn, så det var rett fint å gå, ursikten kunne no kansje vore bedre men me hadde vel sett det før


Om utsikten til fjella rundt ikkje var av det beste så var det desto meir å sjå på på bakken...

Steinar med mose på


Og ei koseleg kaffirast hadde me, jammen trur eg sola ikkje var langt vekke heller


Så var det på vandring att, og her kjem eit lite utval ab alle dei fine plantene me såg....












Og alla var som vanleg enige om att det hadde vore ein fin tur.........

Her er det nokon som har leika seg
Og denne soppen har søkt ly......

Ingen kommentarer: