tirsdag 27. april 2010

27.april 2010 Høyheim -Langen


Ein heil jeng var samla for å ta turen opp i Langen, sjølv om det var grått og skodda tidleg på dagen klarna det opp og vart rett fint når me skulle gå

Sol fekk me og, her er me kommen til den vegen som går innover til Langen


Fotopausar må til


Her fann me Bjørnemose, som det går ann å laga små kostar av.

Rett fint er det å sjå no før lauvet er komme på skogen, og den nydelige fargen på sjøen som me kunne sjå her oppe frå


Denne grana har nok vorte kappa av ein eller annan gong, og resultatet ser me her , ein mengde med toppar


Andre fine tre var det og


Her ser me rett bort på Bergheim , dit skal me den 11. 05. 2010

Utsikten kunne dei ikkje klaga på dei som ein gong budde her oppe

Då var me oppe, godt med ein slurk friskt fjellvatn er det og


Så var det å skriva se i boka, og her har me beviset for att me har vore der

Ingen kommentarer: