tirsdag 20. april 2010

20 april 2010 Dalsdalen - Kilen

Iskunst i vegagrøfta på veg framover mot Kilen, som viser at det er kaldt på natta enno,litt nysnø er det og att i fjellsia, der sola ikkje har fått skikkelig tak, her ser me og nedreste del av stien som går opp i Kilali og vidare over til Vigdalen, og ein må tenkja på att dette var ferdavegen til Vigdølene i tidligare tider

Og alle dei fine trea som har vore lauva.....
Her er me heilt fremst i Kilen, og etter det me forstår var det i denne stova det vart halde skule for ikkje so alt for lenge sia..........i alle fall etter vår rekning som er kommen opp i åra, og kjenner jamngamle som har gått på skule her
På fjøsdøra står det skilt som viser att det har vore mjølkemaskin her !!!!

Etter å ha sett oss omkring og fått greia på kven som har budd i dei forskjellige husa var det på tide å venda nasen heimetter dalen

Flott å sjå att husa her på Heimen er so fint istand sette

Skal tru om det er nokon som har tenkt seg vidare, kansje dei vil ta vegen om Vigdalen
Her er det i alle fall godt beskreve , men det ser ut som alle vender nasen ned dalen , det kan bli ein fin tur for dei sprekaste når det lir på sommar, ein flott tur er det i alle fall om ein går opp her og ned i Vigdalen

Ingen kommentarer: